Kva fortel skyene?

Ei regnverssky dukkar ikkje berre opp heilt utav det blå. Ho utviklar seg og blir til gjennom andre skyer. Lær deg nokre triks for å sjå forskjell på skyene.

Illustrasjon av de ti forskjellige skytypene som finnes.
Dei ti hovudtypane av skyer. Illustrasjon: Forskningskampanjen.no/basert på eit arbeid av Valentin dei Bruyn (Coton)/CC BY-SA 3.0.

Regnversskyer – eller nedbørsskyer, som meteorologane kallar dei – utviklar seg ofte frå å vere slørskyer til å bli lagskyer, før dei blir til eit nedbørskylag. Men det kan ta både ti og tolv timar frå skyene begynner å forandre seg til det begynner å regne.

– Men for å forstå kva som faktisk skjer på himmelen, må ein også kjenne til dei forskjellige skytypane, og kor høgt eller lågt dei ligg, fortel meteorolog Anders Doksæter Sivle. Han har leidd Forskningskampanjen 2016.

Forskningskampanjen 2016: Vi har laga skyatlas

Eit skyatlas er eit slags bildeleksikon med skyer som meteorologane bruker når dei skal studere veret. Mange skuleelevar har vore med på kampanjen og sendt inn nesten 5000 eigne bilde av skyer. Bilda i skyatlaset er godkjende av  meteorologen.

Vil du lære meir om skyer, kan du studere dei i skyatlaset. Plakaten finn du på sida til Forskningskampanjen. 

Ti skyer

– Vi har ti hovudtypar skyer med ulike eigenskapar og som held seg skyer med ulike eigenskapar og som held seg i ulik høgde over bakken. Men nokre av dei held til i fleire høgder, fortel Anders.

Bukle eller rukle?

Anders har fått mange bilde av bukleskyer og rukleskyer. Dei er vanskelege å sjå forskjell på. Eigentleg er det same type sky, men dei har fått ulike namn fordi dei held til i ulike høgder. Anders har eit tips til korleis ein kan skilje dei frå kvarandre. Det handlar om å sjå på kor store skyballane er.

– Det kan ein gjere ved å knyte neven og halde handa strak opp mot skyene. Er skyballane større enn knyttneven, er det bukleskyer. Er dei mindre enn knyttneven, er det rukleskyer. Og er dei så små at dei er på størrelse med naglen, er det makrellskyer. Felles for desse tre skyene er at det sjeldan kjem noko nedbør frå dei, avsluttar Anders.

Forskingskampanjen 2016 er eit samarbeidsprosjekt mellom Forskingsrådet, Meteorologisk institutt og Miljølære.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 16. april 2024, 13:29 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.