Vår Eksingedal

Elevane på Eksingedalen veit at dei går på ein av dei minste skulane i Noreg, med berre 4 elevar på heile barnetrinnet. Gjennom intervju, spørreundersøkingar og historiebøker finn elevane ut mykje om si eiga oppvekst.

Trinn-1-kvadratisk.png
Dette lurer vi på

Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen?

Kva skal me forska på i år? Går det an å forska på oss sjølve?

Elvane veit at dei går på ein av dei minste skulane i landet og har ikkje så mange på deira alder å vera saman med. Likevel syns dei at Eksingedalen er ein veldig god plass å veksa opp. Folk dei møter syns det er rart at dei går på så liten skule, at det berre er 4 på heile barneskulen, at dei gjer mykje saman med ungdomsskulen – og at rektoren kan vere vanleg lærar også. 

Foreldre og besteforeldre og andre gamle folk fortel ofte at «når eg vaks opp så…..» - Alt har visst vore betre eller verre før i tida!

Me vil sjå på om det har vore annleis her før – og så vil me forska på oss i forhold til andre born og unge.

Så, i år bestemte elevane seg for å forska på deira eigen oppvekst i Eksingedalen. Her er det dei lurar på: 

  • Er oppveksten annleis her i Eksingedalen enn andre stader?
  • Er det noko som er så spesielt ved å veksa opp her?
  • Korleis er det annleis her i forhold til andre stader?
  • Kva er dei største skilnadene? Er det så annleis her som folk kanskje trur?
  • Er det noko som er annleis no enn før?
  • Kva er i tilfelle mest annleis no i forhold til før?
  • Kva er eigentleg typisk for oppveksten vår her?
  • Kan me finna fram til kvifor me syns det er så bra å veksa opp her?
  • Skal tru om me kjem til å bu her heile livet vårt?

trinn-2-kvadratisk.png 
Kvifor er det slik?

Elevane sine hypotesar

  1. Me er ikkje så mange som bur her og me er saman med folk på forskjellige aldrar både her på skulen og i fritida vår. Sånn trur eg ikkje det er andre stader.
  2. Me har mykje natur, snø, tre, fjell, skog og mykje vêr og vind. Kva vêr det er om vinteren bestemmer kor raskt me kjem oss til skulen eller til andre ting me skal. Sånn er det ikkje for andre, trur eg.

Skulen:

  1. Det er fleire elevar i klassen på andre skular. Dei er mange fleire i klasserommet enn me er.
  2. Me må ta buss til skulen, andre plassar må dei gå.
  3. Me av og til må ha heimeskule fordi det går ras eller straumen er vekke, det må ikkje andre.
  4. Me trur at me er ein av dei minste skulane i landet.

Vener og fritid:

  1. Dei er saman med fleire i fritida og har mange vener på sin eigen alder.
  2. Dei har meir å gjera på og fleire organiserte aktivitetar der.
  3. At eg brukar meir tid på data enn andre.
  4. At ein 5.klassing andre stader spelar fotball, er ute med vener men òg spelar dataspel.
  5. At eg har meir vener i ulike aldrar (7 – 53) som eg er med i fritida mi.
  6. At eg går i floren, og at eg òg jobbar der når eg har lyst.
  7. Eg trur det er større forskjellar med klespress andre plassar, og at det er meir viktig korleis ein ser ut.

trinn-3-kvadratisk.png 
Legg ein plan

Plan for gjennomføring av undersøkingane

Elevane jobba med forskingsprosjektet i mange skulefag (norsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, uteskule, naturfag, kroppsøving/fysisk). Dei fann ut at dei måtte starta med seg sjølve og alt dei har rundt seg. Så vil dei ha eit prosjekt om gamledagar – og eit om seg sjølve og andre på deira alder. Dei fann ut at dei måtte dela forskinga opp i tre delar:

A: Korleis me har det i Eksingedalen no?
B: Korleis det var her i Eksingedalen før?
C: Korleis det er andre stader?

Me søkte Nysgjerrigperfondet om støtte til forskinga vår. Det fekk me! Og det vart me glade for!

trinn-4-kvadratisk.png 
Hent opplysningar

Gjennomføring av undersøkingane

Elevane fulgte planen for kvar del av prosjektet, og dei gjorde fleire eksperiment for kvar del. 

Del A: Eg i Eksingedalen - å veksa opp her no.

Dei fann fram til mest mogeleg om seg sjølv, korleis det er å bu i Eksingedalen no. Dei måtte også finna ut litt om familiane deira og skriva om korleis fritida vil vere og litt om korleis dei har det på skulen.

Elevane fann fram til kva som er spesielt med Eksingedalen for dei sjølv no og om dei faktisk er ein av landets minste skular. 

Del B: Å veksa opp her før i tida og i gamle dagar

Dei hadde lyst til å få tak i gamle bilete frå då foreldra /besteforeldre/ oldeforeldre var born i Eksingedalen, for å sjå og samanlikna før og no. I tillegg så las elevane om gamledagar og dei snakka med folk i område. 

Me har lyst å intervjua folk som er her frå Eksingedalen og som har gått på skule her. Me vil skaffa oss avtalar med folk i ulike aldrar.

Del C: Eg og dei andre – møte med andre på vår alder

Elevane laga også eit spørjeskjema som dei sendte ut til skuleklassar andre plassar i Norge! Dei laga eit spørjeskjema som dei kunne senda ut og få attende i posten. Etterpå telte dei opp svara og laga diagram og samanlikna.

trinn-5-kvadratisk.png 
Dette har vi funne ut

Konklusjon

Nokre av hypotesane stemmer – andre ikkje. Dei fann ut at ungar i Eksingedal er ikkje så ulik andre ungar, både før og no, og at på andre plassar leikar ungar dei same leikane. Men dei leika meir før. No gjer dei i tillegg mange andre ting – og er med på fritidsaktivitetar. Før var det ikkje organiserte fritidsaktivitetar.

Elevane har lært mykje om gamledagar, og at det var verre å vera i gamledagar enn dei trudde!

Kva er det aller beste med Eksingedalen no?

Ungane er glade for at dei har ein tryggare skule og skuleveg enn dei hadde i gamle dagar, og er glade for at ingen blir straffa på skulen. Det er berre ein skule i Eksingedalen no, og det er bra for då vert me fleire!

Dei syns at fleire burde flytta til Eksingedalen fordi:

  • Frisk luft, masse fisk, ender og sauar!
  • Her er veldig fin natur, og eit bra miljø der alle kjenner alle!
  • Fine badeplassar!
  • Masse snø å leika i!
  • Alle stølane, som er fine å gå til!
  • Alle gardane, som er fine å ha her i dalen!
  • Det er koseleg å sjå alt det fine her!
  • Det er trygt og godt med vener i alle aldrar!
  • Det er ikkje klespress, alkoholpress og ikkje noko med røyk eller andre rusmiddel!
  • Her er masse felles aktivitetar! Trening, fellesturar og friluftsgruppe!
  • Her er ikkje noko drama eller uvener, og ein veldig koseleg plass!

trinn-6-liggende-venstre.png
Fortel til andre

Dette ønsker elevene å fortelle videre

Elevane skal skriva brev til skulane som har hjelpt dei i forskinga og fortelja kva dei har funne ut. 

Dei skal også gje rapporten til dei som har blitt intervjua, og håpar dei vil lika å lesa dette.

Etter tema-arbeid har klassen alltid ein fest for foreldra. Dei har oppvekst som årstema på skulen heile dette året, så slutten av skuleåret viser dei fram arbeid dei har laga.

Me kunne godt ha drive med dette lengre fordi me har gjort så mykje forskjellig og kjekt. Me har jobba på så mange måtar, og det har vore veldig kjekt.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 24. april 2024, kl. 22:34 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.