Kunst og musikk
Korleis kan forskarane avsløre eit falskt kunstverk? Og kva slags musikk likar hundar å høyre på? Her kan du lese om forsking på kunst og musikk.

Læringsopplegg om musikk
Vi har laga eit sett med musikkoppgåver som passar godt til dei siste skuledagane før ferien.
Elevane kan utforske lyd og musikk gjennom eigne forsøk. Vi har utarbeidd ni forsøksark som du kan brukast som stasjonsundervisning eller som individuelle forsøk. Desse forsøka er utforma for å gi elevane handfast erfaring med lyd og moglegheit til å eksperimentere i klasserommet. Det følgjer med lærarrettleiing med forklåringar til alle forsøka.
Som ekstraressurs har vi ein artikkel som utforskar kva musikk som er mest gunstig å jobbe til. Denne kan vere interessant for både lærarar og eldre elevar.
Alt innhald om kunst og musikk
- Nyhet
Dr. Squiggles speler musikk med deg
Det er lett å sjå for seg ei framtid der robotar er ein del av kvardagen. No har to norske forskarar laga robotar for folk som vil spele musikk.
- Nyhet
Stasjonsforsøk om musikk
Lag ni stasjoner med forsøk om musikk som elevene kan prøve seg på.
- Nyhet
Kvifor er musikk så viktig for mange menneske?
Nokre gonger, når du ikkje veit korleis du skal uttrykkje kjenslene dine med ord, kan musikk gjere det for deg.
