Sokkeforsking
Nokre vanar er så automatiske at vi nesten ikkje legg merke til dei. Har du tenkt over kva for ein fot du startar med når du tek på deg sokkane? Akkurat det har klasse 6C ved Holmen skule sett nærare på.
Problemstillinga
Elevane leita etter noko å forske på, men syntest det var vanskeleg å finne noko dei verkeleg lurte på. Fleire av forslaga som kom inn handla om å ete noko godt, fortel Bendix som går i klassen. «Kor mange kilo godteri klarer vi å ete på ein time, og sånt. Læraren vår vart litt lei av desse forslaga», seier han.
Til slutt sa læraren, Anders Brendstuen, «kva med å forske på til dømes kva for ein sokk vi tek på oss først?». I starten syntest ikkje barna at det var så interessant, men etter kvart vart dei meir nysgjerrige og meinte at dette kunne bli eit spennande prosjekt.
Hypotesane
Elevane trudde det kunne vere ein samanheng mellom kva hand ein bruker mest og kva sokk ein tek på først. Nokre tenkte høgrehendte startar med venstre fot, medan andre tenkte høgrehendte startar med høgre fot.
I Store norske leksikon står det at omtrent 90 prosent av befolkninga er høgrehendte. Eit fleirtal av elevane trudde høgre fot ville vere den vanlegaste foten å starte å ta på sokkar på.
Planlegging
Det tok tid å planleggje forskinga. «Vi hadde først ein idé om å dra til eit badeland og spionere på folk medan dei kledde på seg», fortel Bendix. «Men så byrja vi å tenkje på at kanskje ikkje alle ville kjenne seg komfortable med å bli sett på», legg Lotta til. Etter mange diskusjonar vart dei samde om at det ikkje var greitt å observere folk utan å seie frå på førehand.
Ein liksom-konkurranse på skulen vart løysinga. Elevane bestemde dei seg for å late som om dei skulle arrangerte ein konkurranse – ein slags leik om kven som kunne ta på seg sokkane raskast. Dei meinte at dei ikkje burde seie til elevane akkurat kva dei forska på, for då ville deltakarane bli påverka og resultata mindre til å stole på.
Elevane skulle invitere ein og ein klasse inn i fellesområdet på skulen. «Læraren vår forklarte til testpersonane at det var frivillig å vere med. Han sa at dei som ikkje kjende seg komfortable, ikkje trong å delta», seier Bendix. «Nokon i gruppa vår var bekymra for at resultata skulle bli dårlegare om ikkje alle vart med, men eg trur ikkje det gjorde noko», seier Lotta. «Frivilligheit er svært viktig i forsking», understrekar forskar Marianne Ødegaard ved Universitetet i Oslo.
Elevane laga ei slags oppskrift for undersøkinga for å gjere ho så lik som mogleg for kvar klasse. Deltakarane skulle setje seg på golvet i ei rekkje og ta av seg sokkane. På eit gitt signal skulle alle ta på seg sokkane igjen så raskt som mogleg. Kvar forskar skulle følgje med på éin elev og skrive ned kva fot han tok sokken på først.
Innhenting av data
Elevane gjorde avtalar mellom klassane på mellomtrinnet og gjennomførte liksom-konkurransen som planlagt. Testpersonane sat på golvet i ei rekkje, med ein forskar bak kvar person. Dei noterte observasjonane i eit skjema.
Oppsummering og diskusjon
Etter uttestinga hadde klassen veldig mange skjema å gå gjennom. Dei ordna dataa i tabellar og laga diagram. «Vi heldt på å gjere feil då vi skulle lage diagram, fordi vi gløymde å dele søylene i kjønn og då måtte vi gjere heile greia på nytt», fortel Lotta.
Undersøkinga tyder på at fleire elevar på mellomtrinnet tek sokk på høgre fot først. 85 elevar byrja med høgre fot, medan 51 byrja med venstre. Om vi tenkjer oss at 100 elevar på mellomtrinnet på Holmen skule tek på seg sokkar, kan vi rekne med at omtrent 60 tek på høgre sokk først, og 40 tek på venstre.
Av 100 elevar vil det vere vanleg at rundt 90 er høgrehendte. Sjølv om det var flest som tok sokk på høgre fot først, ser det ikkje ut til å vere nokon tydeleg samanheng mellom å vere høgrehendt og kva fot ein tek på først.
Del med andre
Elevane delte forskinga si med elevar og foreldre på skulen sitt årlege Nysgjerrigpertorg og dei leverte ein rapport til rektor som leier ein jury på skulen. To forskarar frå Naturfagssenteret og forskar Marianne Ødegaard frå UiO besøkte Nysgjerrigpertorget og såg på forskinga. Dei syntest problemstillinga var spennande og likte metoden dei hadde brukt for å teste han. «Det var lurt at kvar forskar hadde ein testperson å observere», sa forskar Marianne Ødegaard, «då er det lettare å stole på forskinga».
Fleire foreldre melde tilbake dei neste vekene at dei plutseleg hadde byrja å leggje merke til kva fot dei tok sokk på først – noko dei aldri hadde tenkt over før!
Meldinger ved utskriftstidspunkt 21 juli 2025, 19:22 CEST