Sjå kva elevar har forska på
Vil du få elevane dine til å forske? Her finn du døme på forskingsprosjekt frå elevar i barneskulen. Lær deg Nysgjerrigpermetoden, du også!
Les Nysgjerrigper-prosjekt
- Artikkel

Ekte fare eller berre skummelt?
Kvifor blir vi redde, og kvifor er vi ikkje redde for det same? Det ville 2. trinn på Eidsvåg skule finne ut av då dei jobba med Nysgjerrigperprosjektet sitt.
- Artikkel

Kvifor lyg folk?
Elevar på 7. trinn ved Eidsvåg skule har undersøkt kvifor folk lyg gjennom spørjeundersøkingar, intervju, ekspertsvar og besøk hos politiet.
- Artikkel

Elevar i forskarmodus
I klasse 3E på Grefsen skule går både elevane og læraren Alva inn i forskarmodus. Men kva er eigentleg forskarmodus? Det handlar om å stoppe opp, følgje med, undre seg og stille smarte spørsmål, slik forskarar gjer.
- Artikkel

Kvifor forandrar smaken vår seg?
Korleis kan noko som var ekkelt plutseleg bli godt? Det ville nysgjerrige elevar på 1. trinn på Eidsvåg skule finne ut av.
- Artikkel

Den store sitrusjakta
Kan frø, farge eller storleik påverke kor sur ein sitrusfrukt er? 6. trinn på Haukås skule sette i gang ei skikkeleg sitrusjakt for å finne svaret.
- Artikkel

Er dyr mat alltid betre enn billig?
Forskarane i 6c ved Grefsen skule har undersøkt smak, forventningar og pris.
- Artikkel

Kvifor liker menneske å leike?
Kva er det som gjer leik så morosamt? Elevane på 2. trinn ved Haukås skule bestemde seg for å forske på eit spørsmål som både er gøy og litt filosofisk: Kvifor liker menneske å leike?
- Artikkel

Kvifor ler vi?
Kva får barn til å le? 6. trinn på Ulsetskogen skule har forska på latter i eit av årets mest morosame Nysgjerrigperprosjekt.
- Artikkel

Egg som fell og landar trygt?
Kan eit egg overleve eit fall frå 10 meter? Det ville 1. trinn på Holmen skule finne ut av.
“Vi elskar å forske, og har gledd oss til å få byrje med Nysgjerrigper.
Klasse 3A, Bekkestua skole