Den store sitrusjakta

Kan frø, farge eller storleik påverke kor sur ein sitrusfrukt er? 6. trinn på Haukås skule sette i gang ei skikkeleg sitrusjakt for å finne svaret.

illustrasjonsfoto skilt med sitrusfrukt det står Frøagentene på
Elevane jobba i ulike grupper, med eigne forskingsoppdrag.

Jakta starta med ein boks full av spørsmål der 6. trinn på Haukås skule i fleire veker hadde skrive ned ting dei lurte på.

Dei lurte for eksempel på: Kva gjer oss avhengige av skjerm? Kva skal til for at det blir artigare på skulen? Kvifor er sitron sur?

1. Problemstilling: Dette lurte dei på

Ein dag hadde dei hypotesekarusell. Det betyr at dei valde ut seks av spørsmåla og laga forslag til svar, altså hypotesar, i grupper. Då dei kom til spørsmålet om sitron, byrja nokre elevar å snakke om andre sitrusfrukter òg, som appelsin, lime og grapefrukt. Då blei spørsmålet endå meir interessant.

Til slutt bestemte trinnet seg for å forske på dette: Kva er det som gjer sitrusfrukt sur, og kva påverkar kor sur frukta er?

2. Hypotesane

Elevane blei delte i forskargrupper med eigne oppdrag:

  • Frøagentane
  • Sitronsyreklubben
  • Fargeforskarane
  • Storleiksjegarane
  • Sitrusdetektivane

3. Planlegging: Dette var hypotesane dei ville teste:

  1. Vi trur det er frøa som gjer sitron sur.
  2. Vi trur kald frukt er surare enn romtemperert.
  3. Vi trur mørkare sitrusfrukt er surare enn lysare.
  4. Vi trur det er storleiken på frukta som avgjer kor sur den er.

Sitrusdetektivane var ekspertgruppa. Dei skulle finne informasjon i bøker og på nett og skrive e-post til ekspertar.  

4. og 5. Slik undersøkte dei og dette var resultata

For å måle kor sur frukta var, brukte dei pH-strimlar. pH er ein skala som viser kor surt noko er. Talet 7 betyr at noko ikkje er surt. Jo lågare tal, jo surare er det. Dei hadde også smakstestar der fleire personar fekk smake.

pH-måling illustrasjonsfoto
Med pH-papir kan vi måle kor surt noko er. Lågt tal, betyr meir syre og surare smak.

Frøagentane

Desse agentane lurte på om det var frøa som gjorde sitron og grapefrukt sure. Dei tok ut frø, moste dei i vatn og testa med pH-strips. Dei hadde òg eit testpanel som smakte forsiktig på frøa.

Resultat:

– Vi fann ut at frøa ikkje gjer sitrusfrukt sur, seier Theo.

– Frøa er faktisk ikkje sure i det heile tatt, seier Alissa.

– Alle vart sjokkerte, seier Arne.

bord med tallerkener med frø på og noen skjemaer elever driver og fyller ut
Frøagentane sitt testpanel testa om frøa i sitrusfrukta var sure.

Sitronsyreklubben

Denne klubben undersøkte om frukt frå kjøleskapet var surare enn frukt som låg på kjøkkenbenken. Dei målte pH og gjennomførte smakstest.

Resultat:

– Grapefrukt opplevast surare når ho er kald, medan sitron og lime smakar surast når dei er romtempererte, seier David.

– Men pH-verdien var lik, seier Leah.

– Eg synest det var vanskeleg å finne ut av syra i frukta, seier Madeleine.

Sitronsyreklubben fann ut at temperatur kan påverke kor surt noko smakar, utan at det eigentleg er meir syre i det.

Fargeforskarane

Desse forskarane laga ein surleiksskala og samanlikna farge og pH både innanfor same frukttype og mellom ulike sitrusfrukter.

Resultat:

– Lime var den suraste frukta vi testa, sier Julie.

– Mange syntest lys appelsin var mykje surare enn mørk, seier Emma.

appelsinbiter og limebiter på tallerkener på et side av et bord, elever som noterer noe ned på andre siden av bordet
Frå datainnsamlinga til fargeforskarane.

Storleiksjegarane

Dei samanlikna store og små sitrusfrukter og store og små sitronar.

Resultat:

– Vi fann ut at små sitronar smakar surare enn store, seier Linus.

– Lime var surare enn grapefrukt, seier Sunniva.

– Men storleik hadde lite å seie for pH-verdien, seier Julie.

Storleiksjegarane samanlikna både store og små sitrusfrukter og store og små sitronar.

Sitrusdetektivane

Desse detektivane fekk svar frå Store norske leksikon og Opplysningskontoret for frukt og grønt, og intervjua ein professor ved Universitetet i Oslo.

Dei fann mellom anna ut at det er sitronsyre som gjer sitron sur.

– Sitrusdetektivane kunne òg sjekke om det dei andre gruppene fann ut, stemte med det ekspertane sa, fortel lærar Pernille.

Det som overraska dei mest var

  • at sitron- og grapefruktfrø var ikkje sure
  • at kald frukt kan smake surare utan å ha meir syre
  • at testpersonane syntest lys appelsin var sur

– Eg var overraska over det, fordi eg trudde ikkje at appelsin smaka surt, seier Emilie

Og så oppdaga dei noko heilt spesielt: Mirakelbær!

– Dersom du et eit mirakelbær før du et sitron, smakar sitronen søtt, seier Harald Emil.

6. Dele med andre

På skulen sitt Nysgjerrigpertorg presenterte sitrusforskarane arbeidet sitt for både elevar og føresette. Publikum fekk smake på ulike sitrusfrukter, teste kald og romtemperert frukt og lære å bruke pH-strips.

– Eg kjem til å hugse reaksjonane til dei som smakte, seier Malene.

– Det var gøy å sjå fjesa til dei som smakte på sitron, seier Sunniva.

– Mange ville måle pH sjølv. Dei vaksne òg, seier Aurora.

– Mange blei spesielt overraska over at sitronfrø ikkje var sure, seier Theo.

Tips til andre som vil forske på sitrusfrukt

Elevane har fleire gode råd:

  • Jobb i grupper som forskar på ulike sider ved sitrusfrukt.
  • Ha ei gruppe som finn mykje fakta.
  • Det er alltid gøy å spørje ein ekspert!
  • Lag ein god plan. Bestem kven som skal gjere kva.
  • Kjøp nok pH-strips.
  • Bruk like mengder frukt i testane.
  • Forsk vidare på storleik, der er det meir å oppdage!
  • Prøv å få tak i mirakelbær og test kva som skjer.

Og hugs: Hypotesar kan vere feil, og det er heilt greitt. Det er slik vi lærer.

Foto: Pernille Victoria Fløistand, Kaia Bøen, Madeleine Monclair Kvamme og Birthe Hodnekvam

Meldinger ved utskriftstidspunkt 11 mars 2026, 13:13 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.