Kvifor ler vi?

Kva får barn til å le? Er det “Alle barna”-vitsar, svenskevitsar eller tørre pappavitsar? Ler vi mest saman eller åleine? Og kan vi le av det som er flautt og ubehageleg? 6. trinn på Ulsetskogen skule har forska på latter i eit av årets mest morosame Nysgjerrigperprosjekt.

plakater på en tavle som handler om humor og latter og hvorfor vi ler

1. Å finne ei problemstilling

På 6. trinn våren 2025 kom det mange forslag til spørsmål å forske på, men trinnet landa til slutt på latter som tema.

– Eg tenkte det ville bli gøy, fordi eg visste det kom til å bli morosamt. Eg likar å le, fortel Elise, ein av elevane.

2. Hypotesane

Elevane hadde fire hypotesar:

  1. Vi trur latter startar fordi hjernen sender spesifikke signal til kroppen.
  2. Vi trur vi ler fordi vi opplever noko morosamt, blir flaue, kjenner ubehag eller er i kjipe situasjonar.
  3. Vi trur alder og kjønn har noko å seie for kva vi ler av.
  4. Vi trur vi ler meir saman med andre.
lapper på en tavle som handler om hypoteser til et nysgjerrigperprosjekt, vi ser utklipp av en hjerne
Elevane meinte at latter blir utløyst av signal frå hjernen og at han blir påverka av kjensler, situasjonar, alder, kjønn og kven ein er saman med.

3. Planlegging

Det var mange oppgåver i prosjektet. Elevane søkte på jobbar.

– Vi søkte på ein hovudjobb og to reservejobbar, fortel Tilde. Deretter planla dei undersøkingar for kvar hypotese:

Hypotese 1: Kva som skjer i hjernen

Elevane ville gjennomføre eit informasjonssøk på nettet og intervjue ein som er ekspert på menneskekroppen.

Hypotese 2 og 3: Kva vi ler av og alder, kjønn og latter

Elevane ville lage eit humorshow og vise det til 1. trinn og 5. trinn. Dei skulle telje kor mange som lo av kvar enkelt vits, sketsjane eller situasjonane i eit teljeskjema. Humorshowet skulle ha tre delar:

Vitseshow 

Barna valde ut vitsar i tre kategoriar:

  • Alle barna vitsar, som Alle barna kika inn i mikrobølgjeomnen, unnateke Knut – han kika ut.
  • Svenskevitsar, som Har du høyrt om svensken som fann opp ei lommelykt som gjekk på solenergi?
  • Pappavitsar, som Kva mjølk er lettast å bere? – Lettmjølk.

Humorshow 

I showa ville elevane teste om publikum lo når dei vart flaue eller kjende på ubehag. For å skape ubehag ville dei stille eit vanskeleg spørsmål: «Kva er kvadratrota av 400?» og velje ein tilfeldig elev til å svare.

For å gjere publikum flau skulle dei seie at dei visste at nokon i klassen var skikkeleg forelska. Dei skulle sjå utover publikum, smile lurt og la det vere stille ei god stund.

Dei skulle også lage sketsjar med lærarparodiar. Ein elev skulle vere lærar og undervise ein klasse med rampete elevar.

Til slutt ville dei teste om videoar fekk folk til å le. Her skulle dei lage eit videoshow med kategoriane: morosame dyr, morosame menneske og morosame animasjonar.

Hypotese 4: Å le saman med andre eller åleine

Elevane skulle lage eit spørjeskjema og intervjue to vaksne heime kvar. Eitt av spørsmåla skulle vere “Ler du mest åleine eller saman med andre?”.

4. Gjennomføringa av undersøkingane

Hypotese 1: Kva som skjer i hjernen

Elevane fann informasjon på Nysgjerrigper.no og Forskning.no. Dei intervjua også lege Eivind Raknes. Dei stilte spørsmål om kva som skjer i kroppen når vi ler og om legen meiner vi berre ler når noko er morosamt.

Hypotese 2 og 3: Kva vi ler av og alder, kjønn og latter

Før sjølve undersøkinga gjennomførte elevane ei generalprøve, eller ein pilot, som det heiter i forskinga. Det er ein liten test som blir gjennomført før den eigentlege undersøkinga for å sjekke at alt fungerer slik det skal.

– Eg hugsar generalprøva spesielt godt, fortel Åsa. – Det var gøy!

Så kunne dei endeleg byrje å samle inn data. Elevane undersøkte reaksjonane til 13 jenter og 25 gutar på 1. trinn og 20 jenter og 17 gutar på 5. trinn. Begge trinna fekk sjå det same showet.

– Eg var ein av dei som skulle telje, fortel Ella. – Vi hadde ansvaret for fem elevar kvar og følgde nøye med på korleis dei reagerte. Vi sette eit kryss for kvar vits eller del av showet, men berre viss elevane faktisk lo, ikkje berre smilte. Det var litt vanskeleg, for det skjedde mykje på éin gong.

Hypotese 4: Å le saman med andre eller åleine

Dei fleste valde å intervjue foreldra heime. Fleire av elevane fortel at intervjuet er det dei hugsar aller best frå prosjektet.

5. Dette fann dei ut

Undersøkingane viser at både alder, kjønn og situasjon har noko å seie for kva som får barn til å le og kvifor. «Alle barna»-vitsar var mest populære, medan pappavitsar og svenskevitsar fekk færre til å le. Innimellom lo elevane også berre fordi dei vart flaue.

Vitsar og alder

Når det gjeld alder og vitsar, ser det ut til at «Alle barna»-vitsar er populære både på 1. og 5. trinn. På 1. trinn lo gutane mest, medan jentene lo mest på 5. trinn.

grafer som viser at alle barna-vitser var populære på både 1. og 5. trinn og på 1. trinn mest populære hos guttene og omvendt på 5. trinn.
«Alle barna»-vitsar var populære både på 1. og 5. trinn.

Pappavitsar

Dei tørre pappavitsane var generelt lite populære. I gjennomsnitt lo berre éin av fire av elevane på 1. og 5. trinn. Det verka som om gutane lo mest av pappavitsane på 1. trinn og jentene lo mest av dei same vitsane på 5. trinn.

grafer som viser at tørre pappavitser var generelt lite populære. I gjennomsnitt lo bare én av fire av elevene på 1. og 5. trinn. Det virket som at guttene lo mest av pappavitsene på 1. trinn og jentene lo mest av de samme vitsene på 5. trinn.
Tørre pappavitsar var det ikkje mange som lo av.

Svenskevitsar

Svenskevitsane skilde seg ut. Det var ingen eller få som lo av dei på 5. trinn, men dei fekk ganske mykje latter på 1. trinn.

graf som viser at ingen lo av svenskvitser på 5. trinn, noen lo på 1. trinn og det var mest jenter som lo.
INGEN lo av svenskevitsar på 5. trinn.

Elevane påpeikar ei mogleg feilkjelde her, for den eine vitsen om lommelykt og solenergi var litt vanskeleg å forstå. Dermed kan det vere at elevane på 1. trinn lo fordi dei visste at det blir venta når ein fortel ein vits, og ikkje fordi dei faktisk syntest det var morosamt.

Sketsjar og videoar

Sketsjane og videoane fekk både 1. og 5. trinn til å le mykje.

Lærarparodiane, der elevar spelte lærarar som gjorde rare ting, var ekstra populære. Videoshowa med morosame menneske fekk også mange til å le, både på 1. og 5. trinn. Reaksjonane viste tydeleg at både sketsjar og videoar fungerte godt i begge aldersgruppene.

Mange lo av lærarparodien på 1. trinn. Gutane lo mest både på 1. og 5. trinn av videoar med morosame menneske.

Flautt og ubehageleg

Forskinga tyder på at det var fleire som lo på grunn av at noko var flautt og ubehageleg enn av vitsane både på 1. og 5. trinn.

– Eg synest det var overraskande at det er vanleg å le i ubehagelege situasjonar, seier Anine Isabella. – Det kjem eg til å hugse frå prosjektet.

Både på 1. og 5. trinn var det mange som lo i ubehagelege og flaue situasjonar.

Oppsummering

Elevane konkluderer i rapporten med at: Alder og kjønn har noko å seie for kva vi ler av. Vi hadde også rett i at ein ler i morosame, kjipe, ubehagelege og flaue situasjonar. Vi har funne ut at hjernen sender endorfin og dopamin (det vil seie hormon) til kroppen når vi byrjar å le. Så hypotesen vår om at hjernen sender ut spesifikke signal til kroppen når vi byrjar å le, er rett.

graf som viser at 16,3 prosent ler mest alene, mens 83,7 prosent ler mest sammen med andre.
Dei fleste ser ut til å le meir saman med andre enn åleine.

Både intervjuet med legen og svara som kom inn frå spørjeundersøkinga tyder på at vi ler meir saman med andre enn åleine. I rapporten står det: Ut frå forskinga så har vi funne ut av påstandane om at dei fleste ler mest saman med andre, er rett.

6. Fortel til andre

Elevane delte forskinga si med dei andre elevane på Nysgjerrigpertorget på skulen.

– Det var gøy å presentere forskinga for 1. trinn hugsar eg, seier Tilde.

Valentina fortel at ho kjem til å hugse Nysgjerrigpertorget best frå heile prosjektperioden. – Då fekk vi snakka og forklarte til dei som kom til klasserommet vårt, seier ho.

Publikum kunne også plukke ein vits og lese høgt. – Det var veldig populært, fortel Sigurd og dei andre forskarane på 6. trinn.

en metallboks som det står "trekk vitser" på
Publikum kunne trekkje vitsar som del av presentasjonen av forskinga på Nysgjerrigpertorget.

Elevane skreiv også ein rapport om forskinga. På slutten kjende elevane på noko som er veldig vanleg for forskarar når det nærmar seg slutten av eit forskingsprosjekt:

– Det var gøy, men også veldig stressande fordi vi hadde lita tid på oss, seier Elise og Anine Isabella.

en lapp med vits skrevet på, vitsen er: Hørte du om Per som kastet mobilen ut av vinduet fordi han trodde den var på flymodus?
Høyrde du om Per som kasta mobilen ut av vindauget fordi han trudde han var på flymodus?

Meldinger ved utskriftstidspunkt 26 august 2025, 15:42 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.