Kvifor blir tyggis hard?
Du har sikkert sett sånne kvite, flate og harde tyggisklumpar på bakken, ikkje sant? Men korleis kan tyggis bli så hard, eigentleg, når dei er så mjuke medan vi tygg på dei? Og korleis kan ein få bort tyggisklumpane frå bakken? Det ville femte trinn ved Haukås skule finne svar på.
1. Dette lurer vi på
136 problemstillingar frå nysgjerrige femteklassingar
Femte trinn ved Haukås skule er ein nysgjerrig klasse. Dei kom nemleg på så mange som 136 forslag til problemstillingar for Nysgjerrigper-prosjektet sitt. Elevane lurte til dømes på kvifor jenter har langt hår, kvifor vi bit negler og kvifor bananen er forma som ein gutetiss.
Av dei 136 problemstillingane plukka dei ut tre som det var mogleg for klassen å forske på, og så stemde elevane på kva for ein av dei tre dei likte best. Problemstillinga som fekk flest stemmer, var denne: Kvifor blir tyggis hard?
2. Kvifor er det slik?
Fem hypotesar om kvifor tyggisar blir harde
Elevane hadde til saman fem hypotesar om kvifor tyggisar blir harde:
- Spytt: Ting i spyttet vårt gjer tyggisen hard.
- Temperatur: Kulde kjøler ned stoffa i tyggisen og gjer han hard.
- Mikroplast: Tyggis inneheld plast og mange typar plast er harde.
- Smak: Smaken som blir tilsett tyggis, gjer han mjuk og når vi tygg bort smaken, blir tyggisen hard.
- Sukker: Sukker er hardt og derfor vil sukkeret i tyggisen gjere han hard.
3. Legg ein plan
Elevane søkte på forskarjobbar og undersøkte hypotesane i grupper Før dei kunne gå i gang med å undersøkje dei fem hypotesane, måtte klassen bestemme seg for kven som skulle gjere kva i Nysgjerrigper-prosjektet. Dei delte arbeidet inn i ulike jobbar, og så søkte elevane på jobbane dei ville ha: sukkerforskar, mikroplastforskar, vann-versus-spytt-forsker, smaksforskar, temperaturforskar og rapport- og søknadsskrivar. Deretter samla forskarane og skrivarane seg i grupper for å utføre kvar prosjekta sine.
Før dei starta, måtte heile klassen undersøkje kor lang tid det tek før tyggis mistar smak. Etter å ha togge og testa ei stund fann dei ut at det i gjennomsnitt tok 42 minutt med tygging før ein tyggis mista smaken. Deretter kunne gruppene planleggje prosjekta sine.
Spytt
Gruppa masserte og mosa ein tyggis saman med vatn i 42 minutt, og deretter togg dei den same typen tyggis i munnen på vanleg måte i 42 minutt.
Temperatur
Gruppa togg ein tyggis kvar i 42 minutt, la dei i ein eggekartong og sette kartongen i frysaren. Deretter gjorde dei det same med ein tyggis til, men desse la dei i ein plastboks i romtemperatur. Der ville dei la tyggisane liggje i ti veker.
I tillegg ville gruppa intervjue vaskepersonellet og vaktmeisteren på skulen og bymiljøetaten i Bergen kommune for å finne ut om dei bruker kulde eller andre metodar for å fjerne tyggis.
Mikroplast
Kvar av forskarane på gruppa togg ein type tyggis med plast og ein type tyggis utan plast i 42 minutt. Deretter la dei dei i tomme mjølkekartongar og lét dei stå i ti veker.
Gruppa ville også intervjue kjemikar Lars Egil Helseth, som skriv om tyggis på Store norske leksikon, tyggisprodusenten Extra og ein tilsett i Mattilsynet.
Smak
Forskarane i smaksgruppa togg ein tyggis i eitt minutt før dei la dei i eggekartongar, og deretter togg dei ein ny tyggis av same type i 42 minutt og la dei i ein annan eggekartong. Der lét dei dei stå i ti veker.
Dei gjorde også eit eksperiment der dei samanlikna smaksutviklinga over tid mellom ein tyggistype med plast og ein utan. I tillegg utvikla dei ein trinnvis metode for å teste kor harde tyggisane var etter å ha lege i ti veker.
Sukker
Kvar forskar togg ein tyggis med sukker og ein utan i 42 minutt og la dei deretter i mjølkekartongar i ti veker.
Dei bestemde seg også for å intervjue ein veterinær. Dei oppdaga nemleg at sukkerfri tyggis inneheld xylitol i staden for sukker, og at xylitol er farleg for hundar.
Rapport- og søknadsgruppa
Elevane i denne gruppa laga eit budsjett for Nysgjerrigper-prosjektet og skreiv søknader til rektor og til Nysgjerrigper-fondet om pengar til prosjektet.
4. Hent opplysningar
Gjorde hardleikstesar og intervjuet tyggisekspertar Etter ti veker testa elevane kva tyggisar som var hardast og mjukast, og her er resultatet:
|
Hardast |
Mjukast |
Spytt versus vatn |
Spytt 3/3 |
Vatn 0/3 |
Temperatur |
Romtemperatur 3/4 |
Frysaren 1/4 |
Mikroplast |
Utan plast 4/5 |
Med plast 1/5 |
Smak |
1 minutt 2/5 |
42 minutt 3/5 |
I tillegg intervjua dei ei rekkje personar som på kvar sin måte var ekspertar på tyggis:
- veterinær Ragnhild Ljosland, som stadfesta at xylitol er farleg for hundar
- vaktmeisteren på Haukås skule, som fjernar tyggis med høgtrykksspylar og skrapar
- vaskepersonalet på Haukås skule, som fjernar tyggis med skrapar
- bymiljøetaten i Bergen kommune, som bruker varmt vatn med høgt trykk for å fjerne tyggis, og som synest gammal tyggis er vanskelegast å få bort
- Mattilsynet, som fortalde at det ikkje er farleg for oss menneske å ete tyggis
- kjemikar Lars Egil Helseth, som fortalde at plasten i tyggis eigentleg er syntetisk gummi som er framstilt i eit laboratorium
5. Dette har vi funne ut
Tre av fem hypotesar stemte
Etter ti veker henta elevane fram igjen tyggisane sine for å sjekke om hypotesane stemte.
- Spytt – stemmer: Tyggisane som vart togne med spytt, vart hardare enn dei som vart masserte med vatn.
- Temperatur – stemmer: Frosen tyggis er hardare og lettare å fjerne enn varm tyggis.
- Mikroplast – stemmer ikkje: Tyggisane utan plast vart hardare enn dei med plast.
- Smak – stemmer ikkje: Tyggisane utan smak var hardare enn dei med smak.
- Sukker – stemmer: Sukker gjer tyggisen hard, og tyggis med sukker er best fordi sukkerfrie tyggisar med xylitol er farlege for hundar.
6. Fortel til andre
Klassen laga plakatar med fakta om tyggis som dei hengde opp på veggene i gangen på skulen. Dei fortalde også om prosjektet til familiane sine og viste fram rapporten.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 13 august 2025, 22:32 CEST