Kan vi stole på folk i nærmiljøet vårt?

7C ved Holmen skule har forska på kva folk eigentleg gjer når dei finn noko på gata. Dei «mista» vottar, bamsar og lommebøker – og venta i spenning. Ville nokon levere dei tilbake?

Val av problemstilling  

Då 7C skulle velje problemstilling til Nysgjerrigperprosjektet sitt, gjekk dei på undringstur på skulen og skreiv ned alt dei lurte på. Dei hadde mange forslag, til dømes «Lærer vi betre om elevar er lærarar?», «Kva dessert mettar mest?» og «Kvifor får 1. klassingar mest merksemd?».  

Klassen hadde etikk som tema i KRLE og Samfunnsfag rett før dei skulle i gang med Nysgjerrigperprosjektet. Kanskje det var derfor ein elev foreslo ei etisk problemstilling: «Kva ville elevane på Holmen svart i eit gitt etisk dilemma?». Klassen bestemde seg for å følgje det etiske sporet vidare.  

Bilde av en lommebok med penger, et fotografi, et heiskort og en kvittering
Barnelommebøkene inneheldt 150 kroner, nokre kvitteringar, skikort og eit fotografi frå internett.

Elevane såg på tidlegare forsking. På forskning.no kunne dei lese om eit forskingsprosjekt der forskarar «mista» lommebøker i fleire store byar i 40 ulike land. I Noreg og Sveits kom 70–80 prosent av lommebøkene tilbake til eigarane sine. Klassen vart inspirert av prosjektet og enda opp med problemstillinga: «Kan vi stole på folk i nærområdet?»  

Hypotesar  

Klassen laga fire hypotesar til problemstillinga.  

  1. Type gjenstand: Vi trur vi får tilbake fleire lommebøker enn vottar og bamsar.  
  2. Lommebok med eller utan pengar: Vi trur vi får tilbake fleire lommebøker med pengar i behald enn utan. 
  3. Alder: Vi trur dei fleste som leverer tilbake er over 30 år.  
  4. Kjønn: Vi trur det er fleire jenter enn gutar som leverer tilbake.  

Planlegging  

– Det var mykje å planleggje for å teste hypotesane, seier Kari og Ole som er elevar i klassen.  

Plan for gjennomføring  

Elevane bestemde at dei skulle miste ti ting av kvar type i nærmiljøet: lommebøker, bamsar og vottar eller hanskar. Klassen diskuterte kva som skulle reknast som nærmiljøet og teikna det opp på eit kart. Dei ville eigentleg stå i buskane og filme det som skjedde, men lærar Kristin meinte det ikkje var etisk rett å gjere det. I staden ville dei merke alle tinga med same namn og telefonnummer – læraren sitt. Dei ville ta bilete av tinga og stadane og samle opplysningane i eit skjema. Dei laga plass i skjemaet til å skrive om gjenstanden vart levert tilbake.  

Så naturleg som mogleg  

– Det ville verke litt rart om det berre var 150 kroner i lommeboka. For å få det så naturleg som mogleg, la vi nokre fleire ting i lommebøkene, seier Ole.  

– Vi hadde både barnelommebøker og vaksenlommebøker. I vaksenlommebøkene la vi også eit personleg brev til ein forelder, fortel Kari.  

Ein vott blir "mista".

Klassen brukte KRLE-timane, samfunnsfagstimane og norsktimane i fire–fem veker.

– Vi brukte mange skuletimar til å snakke om prosjektet. Vi kunne heile tida komme med idear og kritikk, fortel Kari.  

Å få tak i tinga som skulle bli «mista»  

Alle elevane skulle sjå om dei hadde einslege hanskar, vottar, lommebøker eller kosedyr heime som dei kunne donere til prosjektet.  

– Vi skulle eigentleg ringje DNB for å høyre om vi kunne få lommebøker av dei, men det var ikkje så lett. Vi sende melding, men vi fekk berre svar frå ein robot. Så vi fekk ikkje nokon lommebøker derfrå, seier Ole.  

Dei oppdaga også at det var vanskeleg å få tak i kosedyr.  

– Ein blir fort knytt til kosedyra og har ikkje lyst til å berre gi dei frå seg seier Kari. Til slutt måtte lærar Kristin gå på loppemarknad for å kjøpe nokre kosedyr der.  

For å få tak i 1500 kroner samla elevane panteflasker og sende brev til hotelleigar Petter Stordalen og spurde om han ville sponse prosjektet. Dei vart veldig glade då han svarte at han sponsa forskinga med 1000 kroner.  

Nokre av meldingane elevane fekk frå dei som fann tinga dei hadde «mista».

Spørjeundersøking  

Elevane ville også gjennomføre ei spørjeundersøking blant 15 elevar på skulen. Dei laga fem spørsmål om kva elevane ville gjort om dei fann ulike ting på gata.  

  1. Om du hadde funne ei lommebok på gata med kontantar og bankkort med namn på, kva ville du gjort?  
  2. Om du hadde mista ei lommebok, kva hadde du håpt at folk ville gjere om dei fant ho?  
  3. Du finn eit par dyre solbriller du har ønskt deg til jul. Dei ligg på bakken og har namnelapp på. Kva gjer du?  
  4. Du finn eit par barnevottar i vegkanten som er merkte med namn. Kva gjer du?  
  5. Du finn ei lommebok med 3000 kroner i. Du bestemmer deg for å gi ho tilbake til eigaren, men det står ikkje kven som eig lommeboka. Kva gjer du?  
Elevane fekk interessante og hyggjelege tilbakemeldingar frå dei som returnerte tinga.

Innhenting av data  

Då alt var klart, gjekk dei ut i nærmiljøet med tinga. Dei tok bilete av dei og noterte når og kvar dei vart «mista». Totalt la dei ut 30 ting – ti av kvar type: lommebøker, bamsar og vottar. Så venta dei.  

Det tok ikkje lang tid før dei første meldingane tikka inn. «Det var veldig gøy då vi fekk dei første meldingane om at nokon hadde funne tinga», seier Kari. Nokon ringde, andre sende melding. Mange var hyggjelege og nysgjerrige på prosjektet.  

Når nokon tok kontakt, sende elevane ei melding tilbake der dei fortalde kort om prosjektet og stilte nokre spørsmål for å få vite litt meir om dei.  

Elevane ringde til ulike yrkesgrupper som jobbar med at folk dagleg mistar ting.  

Spørjeundersøkinga  

Undersøkinga vart gjennomført som planlagt. 15 elevar frå ulike klassar på skulen måtte ta stilling til kva dei ville ha gjort i ulike etiske dilemma. Elevane vart intervjua éin og éin.  

Ulike yrkesgrupper  

Elevane ringde til ulike folk som dagleg jobbar med at folk mistar og finn ting.  

– Det var spennande å ringje til politiet, hittegodset, Operaen og Nationaltheatret. Vi starta med å seie «hei, har du tid til å svare på nokre spørsmål?».  

Resultat og diskusjon  

Klassen hengde opp tinga dei fekk tilbake på ei snor i klasserommet.   

Til saman fekk dei tilbake:  

  • 5 av 10 lommebøker  
  • 3 av 10 vottar  
  • 2 av 10 bamsar  
Dei tinga klassen hadde «mista» og fått tilbake.  

Kva svarte elevane på skulen?  

I spørjeundersøkinga svarte 14 av 15 elevar at dei ville prøvd å finne eigaren dersom dei fann ei lommebok med pengar og bankkort i. Når det gjaldt vottar, var svaret mindre tydeleg: 9 av 15 ville levert votten tilbake og 6 av 15 ville late som dei ikkje såg votten.   

Skjemaet elevane brukte for å halde oversikt over kva dei mista, kvar dei mista det og om det vart levert tilbake. 

Moglege feilkjelder  

Elevane har mange tankar om kva som kan ha påverka resultatet:   

  • Kanskje dei ville fått fleire ting tilbake om dei hadde fått henge ute lengre?  
  • Vinden kan ha blåse vekk nokre av tinga.  
  • Dei kunne ha «mista» fleire ting.  
  • Spørjeundersøkinga vart gjord før dei «mista» tinga. Ho kan dermed ha påverka to personar som fann ei lommebok.  
  • Kanskje nokon visste om prosjektet og leverte inn ting fordi dei vil bli oppfatta som ein som er til å stole på?  
  • Då dei gjekk rundt i nærmiljøet og spurde om pant, kan dei ha påverka folk i området fordi dei fortalde om prosjektet.  

Elevane fann ut at det er iallfall ni personar i nærområdet dei kan stole på at leverer ting tilbake om dei skulle miste noko. Spørjeundersøkinga blant elevane tyder på at dei fleste er til å stole på.   

Klassen synest ikkje det er så rart at folk ikkje leverer tilbake ein einsleg vott. Det betyr ikkje at ein ikkje kan stole på dei. Men om nokon finn ei lommebok med pengar i og ikkje seier frå, synest dei det er verre. Dei konkluderer med at det finnes mange folk i nærmiljøet ein kan stole på, sjølv om dei er skuffa over at fleire ikkje leverte tilbake lommebøker med pengar i. Uansett peikar dei på at det er lurt å ha namnelapp på tinga sine og å passe godt på dei.  

Fortel til andre  

Elevane fortalde om prosjektet på skulens Nysgjerrigpertorg og laga ei eiga hentekasse ved hovudinngangen. Dei har også byrja å levere tilbake ting dei finn i kvardagen og har tenkt å halde fram med det.  

– Vi fann ikkje berre ut kor mykje vi kan stole på folk i nærmiljøet – vi vart også til nokon som også andre folk kan stole på, seier elevane.   

Resultatet av spørjeundersøkinga. 
For å hjelpe elevar med å finne igjen tinga sine, laga klassen ei hentekasse som skal stå i fellesarealet. 
Elevane tok kontakt med eigarane når dei fann ting andre hadde mista. 
Elevane fann og leverte mange ting tilbake til eigarane i løpet av prosjektperioden og tenkjer å halde fram med det. 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 8 august 2025, 18:15 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.