Fargar, lyd og kjensler

Elevar på 5. trinn har forska på korleis fargar og lydar kan få deg til å kjenne deg glad, trist, sint og til og med redd. Med fantasifulle kjensleboksar, eigenkomponert musikk, lysinstallasjonar og mykje måling har dei testa ut korleis stemning blir skapt. Resultata? Ganske overraskande!

Femteklasseelevene Fredrik, Olivia, Hedda og Olav står og smiler foran følelsesboksene sine
Fredrik, Olivia, Hedda og Olav synest det var spennande å forske på kjensler.

Å velje problemstilling

Elevane samla mange spørsmål før dei bestemde seg for problemstillinga. Dei var på undringsjakt i skuletida og heime.

– Nysgjerrigperboksen vart heilt full, seier lærar  Amund Horneland. –  Eg trur det var om lag 200 problemstillingar.

Carl Tidemann på trinnet grubla på fleire ting. Kvifor vi gir blomstrar på Valentinsdagen, og ikkje til dømes ein kvist? Og kvifor har bilete på veggene så mykje å seie for stemninga i rommet? Ein annan elev lurte på korleis musikk påverkar oss. Klassen spann vidare på tankane og bestemde seg for å kombinere undringane til problemstillinga «Korleis påverkar fargar og lydar kjensler?».

I prosessen med å velje problemstilling laga trinnet ein hypotesekarusell. Åtte problemstillingar vart plukka ut og skrive på plakatar. Elevane diskuterte og laga hypotesar i grupper på post-it-lappar.

– Etter dette stemde vi fram det vi ville forske på, seier Olivia. Lærarane var litt overraska over at elevane ville forske på fargar, lyd og kjensler.

– Men det vart eit veldig spennande prosjekt, seier Amund.

Hypotesane

Trinnet hadde fire hypotesar til problemstillinga:

  • Vi trur lyse fargar, som gul og rosa, gjer oss glade.
  • Vi trur mørke fargar, som mørkeblå, kan gjer oss triste.
  • Vi trur lilla kan få fram kjensla redsel.
  • Vi trur raudt kan få fram kjensla sinne.

Planlegging

Elevane ønskte å undersøkje om dei kunne få fram kjenslene glede, tungsinn, frykt og sinne hos publikum under skulens Nysgjerrigpertorg. Klassen vart delt inn i grupper, der to grupper fekk ansvaret for kvar si kjensle. Kvar gruppe skulle lage ein kjensleboks, det vil seie ein opplevingsboks med fargar, figurar og lydar som kunne lokke fram visse kjensler. Testpersonane skulle ta på seg hovudtelefonar og stikke hovudet inn i boksen. Musikken som vart spelt inne i boksen, skulle forskarane komponere sjølv.

Arbeidet med kjensleboksane

Gruppene hadde mykje å gjere og måtte samarbeide tett.

– Vi måtte få tid til masse, så vi måtte multitaske. Det var gøy å samarbeide, seier Olav.

– Det artigaste var når eg var med gruppa mi og lagde sjølve boksen og lærte om kjensler og fargar, seier Olivia.

– Eg hugsar at vi måla kassene med dei ulike fargane som vi trudde passa til kjenslene, seier Hedda. – Det viste seg at nokre kjensler var vanskelegare å lage enn andre.

– Eg synest det var vanskeleg å finne idear til noko som gjer folk sinte, seier Louise.

– Når vi skulle lage musikk var det vanskeleg å få han til å høyrest trist ut, seier Olav.

– Eg hugsar eg laga ein trist sau, ler Albertine.

Teknologi i arbeidet

Undervegs oppdaga dei at boksane vart for mørke. Boksane måtte ha lys. Elevane lånte utstyr frå naturfagrommet og lærte å kople eit batteri til ei lyspære. Elevane farga lysa for å passe til kjenslene dei ønskte å få fram: raudt for sinne, lilla for redsel, mørkeblå for trist og lyse fargar for glede.

«Stikk hovudet inn». Kjensleboksane vart utstyrte med lys i ein farge som skulle passe til kjensla.

Samle inn data

– Det var stappfullt av folk i klasserommet då det var  Nysgjerrigpertorg, fortel Mathilde.

– Eg trur prosjektet vårt var mest populært på heile Nysgjerrigpertorget, seier Hedda.

Publikum kryssa av kjensla dei hadde før dei såg i boksen. Etterpå kryssa dei av på nytt.

Bildet viser inngangen til følelsesboksen som er skjult bak en gardin av frynser. En elev sitter klar til å dykke inn i boksen. Du ser bare en arm av eleven, deler av boksen og hodetelefoner som ligger klar på bordet
Deltakarane skulle krysse for kva kjensler dei kjende på før og etter dei opplevinga i kjensleboksen.

– Det var spennande at alle kom til boksen med ulike kjensler, sa Olivia.

– Det var gøy å sjå reaksjonane til folk. Nokon sa Oi! og Wow!, fortel Olav.

– Eg har eit magisk minne frå då eg sjølv stakk hovudet inn i boksen, seier Jakob.

Bildet vises innholdet i boksen som skal gjøre deg glad: Veggene er gule, det er blomster rundt i "rommet" og på endeveggen vises det en morsom video
– Eg vart glad, då eg såg i den glade boksen, seier Aksel. Boksen hadde også ein morosam video til songen Lollipop.

Dette fann vi ut

Elevane fann ut at det ikkje er sikkert at ei viss farge gir ei viss kjensle. Det var lett å få folk til å kjenne glede, men mykje vanskelegare å få dei til å bli sinte, triste eller redde.

– Alle vart til dømes glade av boksen vår, sjølv om den skulle vise sinne, seier Nordahl.

– Sjølv om alle boksane var godt laga så fann vi ut at den same boksen kunne få fram ulike kjensler, seier Willemine.

Bildet vises innholdet i boksen som skal gjøre deg sint: Veggene er malt røde. Figuren "Sinne" fra filmen "Innsiden ut" henger på veggen. Det er et "bål" i midten av boksen
Elevane tenkte at raudt kunne få fram sinne. Denne gruppa hadde eigentleg laget ein figur av Svampebob som skulle henge over bålet, men lærarane meinte det ville vere for sterkt for 1. trinn. Kanskje det var med å påverke resultatet, fortel gruppa

Klassen reflekterte over om boksen som eigentleg var laga for å gjere folk triste, kunne gjere noko triste og andre glade. Elevane trur at det kvar enkelt har opplevd i livet er viktig for korleis han eller ho opplever kjensleboksane.

Bildet vises innholdet i boksen som skal gjøre deg trist: Veggene er malt svarte og rommet er fykt med gravstener med påskriften "bror", "Mamma", "Pappa", "Bestemor" og "Bestefar"
Denne boksen skulle få fram tungsinn, men han fekk fram ulike kjensler.
Bildet vises innholdet i boksen som skal gjøre deg redd. Veggene er malt svarte, det er et grønt lys i taket og rommet er fylt med insekter, edderkopper og spindelvev laget av pinner og lim
Ein av lærarane skreik høgt då ho stakk hovudet inn i denne boksen, som skulle få fram redsel.

Fortel til andre

Alle elevane på skulen fekk bli med på testinga. Elevane på 5. trinn har fortalt om forskinga heime og synest det er stas på kunne fortelje om forskinga til fleire gjennom denne artikkelen på nettsida til Nysgjerrigper.

Det er inspirerande å sjå at forskinga til 5. trinn tyder på at det er ganske lett å lokke fram glede, men at det er vanskelegare å få nokon til å kjenne seg triste, sinte eller redde. Kanskje får du lyst til å forske vidare på kjensler med dine eigne stemnings- eller kjensleboksar? Éin ting er sikkert: Det er framleis mykje å utforske!

Meldinger ved utskriftstidspunkt 7 august 2025, 13:02 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.