Er dyr mat alltid betre enn billig?

Dei unge forskarane i 6C ved Grefsen skule har undersøkt smak, forventningar og pris.

Kva tenkjer du? Er dyr mat alltid betre enn billig mat?

Er dyr mat eigentleg betre enn billig, eller er det berre noko vi trur? Det ville forskarane i 6C ved Grefsen skole finne ut av. Dei gjennomførte smakstestar der forsøkspersonane gav terningkast på maten dei smakte. Deretter rekna elevane ut gjennomsnittet av svara for å sjå om pris påverka valet.

Her får du følgje forskingsprosjektet gjennom dei seks trinna i Nysgjerrigpermetoden. Kanskje får du idear til korleis du og klassen din sjølv kan gjere eit forskingsprosjekt?

1. Problemstilling: Dette lurte dei på

Elevane i 6C foreslo mange moglege problemstillingar og læraren Gabriel valde ut nokon som elevane stemde over. Problemstillinga som fekk flest stemmer var: Er dyr mat alltid betre enn billig?

Dette sette i gang eit forskingsprosjekt med mykje samarbeid mellom elevane.

Førundersøkingar

Før dei gjekk i gang med sjølve forskinga, gjorde 6C nokre testar på seg sjølv. Dei smakte først på dyr og billig appelsinbrus utan å vite kva som var kva. Elevane syntest dette var veldig gøy, og resultatet vart ganske likt. Dette gjorde forskarane nysgjerrige på korleis folk eigentleg vurderer smak og kor mykje prisen på vara påverkar forventningane vi har.

Forskarane i 6C smakte også på billige og dyre fiskebollar i mat- og helsetimen. Desse førundersøkingane gav dei både nyttige erfaringar og idear til korleis dei burde gjennomføre hovudundersøkinga.

2. Hypotesar: Kva trudde dei kom til å skje?

Forskarane formulerte fire hypotesar:

  1. Pris påverkar forventningar meir enn smak.
  2. Blindtest jamnar ut forskjellar.
  3. Det er mindre forskjell mellom ulike typar ost enn mellom ulike typar sjokoladekjeks, sjokoladepålegg og kaviar.
  4. Vaksne føretrekkjer dyrare produkt meir enn barn.

3. Planlegging: Slik organiserte dei forskinga

Forskarane i 6C bestemde seg for å undersøkje fire matvarer i både dyr og billig utgåve:

  • ost
  • kaviar
  • sjokoladepålegg
  • sjokoladekjeks

Dei ville også finne ut om alder påverkar smaksvurderinga. Derfor planla dei testar med tre aldersgrupper:

  • 1.-klassingar
  • 6.- og 7.-klassingar
  • vaksne

Klassen delte seg inn i grupper som tok ansvaret for kvar si aldersgruppe. I tillegg hadde dei ei filmgruppe som skulle dokumentere forskinga.

Slik skaffa dei pengar

Til forskingsprosjektet var det behov for mat, og dermed pengar. Elevane tok kontakt med fleire matbutikkar i nærområdet. Tre butikkar svarte positivt og sponsa prosjektet med kvart sitt gåvekort på 500 kroner. Det gav forskarane høve til å kjøpe både dyre og billige produkt.

4. Undersøkingar: Stemmer hypotesane?

Forsøkspersonane fekk smake på to variantar av kvar matvare og gav terningkast frå 1 til 6. Forskarane rekna deretter ut gjennomsnittsskårar for å sjå kva variant som vart best likt.

Det vart gjennomført to typar testar:

  1. Smaking der forsøkspersonane visste kva variant som var dyr og billig.
  2. Blindtestar, der informasjon om pris var skjult.

På denne måten kunne forskarane undersøkje kor stor rolle forventningar spelte.

Ei utfordring dukka opp under kaviartesten: Få vaksne ønskte å smake på kaviar, og forskarane fekk mindre data enn planlagt. Heldigvis stilte rektor opp!

5. Funn og diskusjon: Dette fann dei ut

Etter at alle testar var gjennomførte, sette forskarane i gang med å analysere resultata. Det kom fram fleire interessante funn:

Hypotese 1: Pris påverkar forventningar meir enn smak

Dette viste seg berre å gjelde for ost. Her vart deltakarane påverka av at dei visste prisen på osten.

Hypotese 2: Blindtest jamnar ut forskjellar

Resultata vart jamnare i blindtest, noko som tyder på at forventningar faktisk påverkar opplevinga av smak.

Hypotese 3: Det er mindre forskjell mellom ulike typar ost enn mellom ulike typar sjokoladekjeks, sjokoladepålegg og kaviar

Dette viste seg å vere feil. Det var faktisk størst forskjell på ost. I blindtesten svarte mange at den billigaste osten smakte best, noko som overraska forskarane.

Det mest interessante var ostetestane med dei vaksne. Før smakstesten meinte mange vaksne at dei kunne kjenne forskjell på dyr og billig ost. Resultatet viste at dei likte den billige osten best når dei ikkje visste prisen, men dei valde han dyre når dei visste prisen.

Hypotese 4: Vaksne føretrekkjer dyrare produkt meir enn barn

Hypotesen stemde ikkje. Dei vaksne føretrekte dei billigaste matvarene. Dette trekte forskarane fram som det mest overraskande funnet i heile prosjektet.

Eitt ekstra funn og éi mogleg feilkjelde

Førsteklassingane likte dei dyre matvarene best, noko som gjekk imot hypotese fire. Forskarane merkte seg at førsteklassingane snakka saman under smakstestane, og kanskje herma etter kvarandre. Dette vurderte dei som ei mogleg feilkjelde.

Oppsummering av diskusjonen

Gjennom diskusjonen oppdaga 6C at forsking handlar like mykje om kvifor resultata vart som dei vart, som sjølve resultata. Dei byrja å stille nye spørsmål: Kvifor likte vaksne ofte dei billige matvarene? Kvifor var ost så annleis? Kor stor rolle speler eigentleg forventningar?

Desse refleksjonane gjorde prosjektet både meir innhaldsrikt og meir lærerikt.

6. Del med andre: Nysgjerrigpertorg

Då Grefsen skule arrangerte Nysgjerrigpertorg, viste 6C fram forskinga si for andre elevar på skulen. Dei fortalde om hypotesane, forklarte korleis dei hadde gjennomført testane, viste film og inviterte publikum til smakstesting. Det var svært populært å få smake på dyr og billig appelsinbrus, kjeks med sjokoladepålegg og ost.

Kva tek forskarane med seg vidare?

Gjennom prosjektet lærte forskarane i 6C mykje, ikkje berre om dyr og billig mat, men også om korleis ekte forsking går føre seg. Dei erfarte kor viktig det er å planleggje godt, bruke like måtar å notere på, halde orden på dokument og dele informasjon undervegs. Samarbeid er avgjerande for å få gode resultat, men når mange skal jobbe saman, kan det også gjere arbeidet meir utfordrande.

Elevane syntest det var ekstra gøy når hypotesane deira ikkje stemde, fordi det då kom overraskande resultat som gav dei ny innsikt. Dei syntest det var motiverande å lage sine eigne forsøk og teste dei ut og dei meiner undervisninga blir meir spennande når dei får vere aktive og utforske sjølv.

Prosjektet til 6C viser at vi ikkje treng avansert utstyr for å forske, berre eit godt spørsmål og viljen til å utforske det. Kanskje du og klassen din også vil gjere eit Nysgjerrigperprosjekt? Det viktigaste er å starte med noko dykk verkeleg lurar på – akkurat slik 6C gjorde.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 6 mars 2026, 14:36 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.