Egg som fell og landar trygt?
Kan eit egg overleve eit fall frå 10 meter? Det ville 1. trinn på Holmen skule finne ut av. Med gode idear og mange knuste egg gjennomførte dei sitt aller første Nysgjerrigperprosjekt: Korleis kan vi sleppe eit egg frå 10 meter utan at det knuser?
Dette lurer vi på
Alle elevane starta med å leite etter noko dei kunne undre seg over. I fleire skuletimar skreiv dei spørsmål og la dei i klassens Nysgjerrigperboks. Cornelia heldt fram med å gruble då ho kom heim.
– Plutseleg tenkte eg på at egg har så tynt skal. Eg lurte på kva som ville skje om vi slepper eit egg frå ti meter, fortel Cornelia.
Då ho sa det på skulen neste dag, vart mange nysgjerrige.
– Det var mange i klassen som ville forske på egg. Så då gjekk vi for det, fortel August som også går i klassen.
Hypotesane
Elevane hadde fleire hypotesar om korleis egget kunne vernast når det landa:
- Egget kunne lande på ein trampoline.
- Egget kunne lande i eit badebasseng.
- Egget kunne lande på ein tjukkas.
- Dei kunne bruke hardkokte egg.
- Dei kunne leggje teppe rundt egget.
- Dei kunne leggje egget inni ein ballong.
Planlegginga
For å forske, trengst det ein plan. Klassen måtte finne ein stad å sleppe egga frå, skaffe utstyr og bestemme korleis dei skulle gjennomføre forsøka.
Kor høgt er 10 meter?
Eit langt måleband viste at 10 meter var høgare enn dei trudde. Frå 3. etasje var det 9 meter, men med handa strokke opp fekk dei akkurat 10 meter.
Korleis kan det bli likt kvar gong?
Dei diskuterte om dei skulle bruke kvite eller brune egg og kva ende som skulle vende ned. Det var viktig at alt vart gjort likt kvar gong for å kunne stole på resultata.
Utstyr
Klassen trong utstyr for å test hypotesane. Dei laga utstyrslister. Alle 19 elevane tok med to egg heimanfrå for å ha nok egg til uhell undervegs.
Ut og forsk!
– Det gøyaste i prosjektet var å sleppe egga, seier Cornelia og August.
Dei testa éin hypotese om gongen og filma alt.
Utfordring med badebasseng
Badebassenget var eigentleg ei kasse med vatn. Kassa var veldig liten sett frå 10 meter. Første gong trefte egga kanten og knuste. Andre gong landa det i vatnet, men knuste likevel.
Drøft og samanfatt
Etterpå såg dei på videoane og diskuterte kva som hadde skjedd.
– Det var to ting som fungerte: ein trampoline og ein madrass, seier Cornelia.
– Men på det andre forsøket på madrass, trilla egget ned på bakken og knuste, påpeikar August.
– Det hardkokte egget knuste, men ikkje så veldig mykje. Skalet knuste, men ikkje det som var inni, fortel han vidare.
Å ha egga i ein ballong, teppe eller badebasseng fungerte ikkje. Då knuste egga. Elevane meiner at bassenget ikkje fungerte fordi egget fekk så stor fart og fordi vatnet er hardt.
– Når eg badar og slår på vatnet, kjenner eg at det er skikkeleg hardt. Det merkar eg godt når eg tek mageplask, fortel August.
Del med andre
På skulens Nysgjerrigpertorg viste klassen fram videoar og plakatar av forsøka til elevar og foreldre. Publikum syntest det var spennande. Nokon vart overraska over at egga landa så bra på trampolinen.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 13 august 2025, 11:17 CEST