Kvifor liker menneske å leike?
Kva er det som gjer leik så morosamt? Elevane på 2. trinn ved Haukås skule bestemde seg for å forske på eit spørsmål som både er gøy og litt filosofisk: Kvifor liker menneske å leike?
1. Problemstilling og bakgrunn for prosjektet
På Haukås skule forskar alle elevane i ein felles periode kvart år. Elevane på andretrinn gjekk på Undringsjakt og samla undringar og spørsmål. Eitt av dei handla om leik, og då klassen stemde, var det dette som vann.
– Eg stemde på leikeforsking fordi eg trudde det kom til å bli gøy, seier Henrik.
– Eg syntest det høyrdest spennande ut og kanskje gøy for andre òg, seier Elley.
2. Hypotesar
Elevane trudde at menneske blir gladare av å leike, og aller mest når dei leikar saman med andre.
3. Planlegging
For å undersøkje hypotesen ville dei gjere klasseromma om til leikerom. Fadrane på 6. trinn vart testpersonar. Nokon fekk leike åleine, andre saman med ein venn. Det skulle vere tilfeldig kven som skulle leike åleine og kven som skulle leike saman med nokon. Før og etter leikinga skulle dei vurdere kor glade dei kjende seg på ein skala frå 1 til 10. I tillegg observerte forskarane korleis testpersonane oppførte seg
undervegs i leikinga.
– Vi måtte passe på klokka og sleppe inn nokre få om gongen, forklarer elevane.
Leikane
Elevane hadde mange idear til leikar dei ville lage. Dei jobba i grupper og laga til saman 13 leikar. Dei valde å ha tre typar leikar:
- konkurranseleikar
- kreative og morosame leikar
- fysiske leikar
Elevane ville lage leikerom med leikar i ulike kategoriar.
Konkurransleikane var både gamle leiker, som sekkeløp, og nye leikar. Ein av dei nye leikane heitte «Kaste papirfly på klovnen».
– Vi tenkte det kom til å bli morosamt, fordi det er vanskeleg å treffe noko med eit papirfly, forklarer Iga og Arav.
Platons og Marvin ville lage eit spøkjelsesrom inspirert av dataspelet Doors. I rommet skulle fadrane leite etter eit kryss laga av blyantar. Det skulle vere mørkt og litt skummelt.
– Vi måtte ha eit eige rom til det. Vi ville eigentleg at dei skulle vere der lenge, men lærarane Lasse og Amalie sa at dei berre kunne vere der i 30 sekund, elles ville det bli for lang kø, seier dei.
Spela var ei blanding av kjende brettspel og nye variantar, mellom anna «Pølsekatten».
– Vi bestemde at dei skulle rope «Pølsekatten!» i staden for «Villkatten!» når dei fann rett bilete. Vi tenkte at 6. trinn kom til å synast det var morosamt, forklarer Aylin.
Nokre av dei fysiske leikane var hinderløype, «golvet er lava» og ei laserløype laga av hoppetau. For å få plass til alt måtte to klasserom ommøblerast.
– Då eg høyrde alt vi hadde planlagt, tenkte eg at det kom til å bli vanskeleg å lage alt det i klasseromma. Men det gjekk betre enn eg trudde, seier Marvin.
– Eg synest det var gøy og spennande å flytte på alt, seier Mari.
4. Innhenting av data
Til slutt var alt klart. Før fadrane gjekk inn, skreiv dei kor glade dei var på ein lapp. Det same gjorde dei etter leikinga.
Igor var ein av dei som stod på gangen og tok imot testpersonane.
– Det var vanskeleg, for det var mange folk, men eg klarte det, seier han.
Inne i leikeromma bevega dei seg frå aktivitet til aktivitet.
Nokre av leikane var meir populære enn dei hadde trudd på førehand.
– Eg hadde puslespel med store brikker. Det var nesten kø hos meg, seier Kuba.
5. Funn og diskusjon
Elevane gledde seg til å opne boksane med lappane. Dei sorterte tala og laga søylediagram som viste kor glade fadrane var før og etter leikane.
Resultatet var tydeleg: Dei fleste vart gladare av å leike – både dei som leika åleine og dei som leika saman med andre.
Men når elevane samanlikna resultata oppdaga dei noko som overraska dei. Det såg det ut til at dei som leika åleine faktisk vart litt gladare enn dei som leika saman med andre. Observasjonane viste noko anna. Dei som leika saman smilte, lo og prata meir enn dei som leika åleine.
– Kanskje dei som leikar åleine blir like glade, men viser det ikkje så godt med kroppen sin?, undrar elevane.
Andretrinnet konkluderte med at ein viktig grunn til at menneske liker å leike, er at det gjer oss gladare, anten vi leikar åleine eller saman.
– Om du treng å bli gladare, er det lurt å leike, konkluderer elevane.
6. Dele forskinga med andre
På Nysgjerrigpertorget viste alle klassane fram det dei hadde jobba med. 2. trinn lét publikum prøve leikane, så dei fekk vere testarar. Utanfor klasseromma hang plakatar som fortalde om kva dei hadde funne ut. På den måten fekk heile skulen sjå både korleis dei hadde jobba og kva dei hadde lært.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 11 september 2025, 15:21 CEST