Kvifor forandrar smaken vår seg?
Korleis kan noko som var ekkelt plutseleg bli godt? Det ville nysgjerrige elevar på 1. trinn på Eidsvåg skule finne ut av.

Nokre likar ikkje paprika. Nokre likar ikkje brokkoli. Nokre synest chili er altfor sterkt! Men plutseleg kan noko som var ekkelt bli godt. Korleis går det an?
1. Problemstillinga: Dette lurte dei på
På Eidsvåg skule i Åsane har alle klassane Nysgjerrigper-veker. Då får elevane vere forskarar. 1. trinn hadde gleda seg lenge.
Elevane laga mange spørsmål, men eitt spørsmål gjorde dei ekstra nysgjerrige: Kvifor kan vi begynne å like noko vi ikkje likte før?
2. og 3. Hypoteser og planlegging
Kva trudde elevane?
Elevane hadde mange idear om kvifor smaken kan forandre seg. Dei tenkte at det kanskje var
- fordi vi lærer oss å like noko
- fordi vi smakar på noko mange nok gonger
- fordi tunga endrar seg
- fordi maten endrar seg
- fordi ein kan bli lei av ein smak
- fordi vi ikkje likar ting som ser ekle ut
Så byrja forskinga.
4. Undersøkingar
Smaking med bind for auga
Ei gruppe ville teste om det er forskjell på smaken når vi ikkje ser maten.
Først laga dei ei liste over mat dei ikkje likte. Læraren valde ut det flest ikkje likte.
– Det var overraskande mange barn som ikkje likte lakris, seier ho.
Dei smakte på:
- paprika
- brokkoli
- lakris
- chili
Alle hadde bind for auga.
– Då eg smakte lakris med bind for auga, likte eg det med ein gong, sa David.
Resultat: Dei fleste syntest maten smakte betre då dei ikkje såg kva det var.

Smake mange gonger
Denne gruppa ville teste om ein kan lære å like noko. Alle valde noko dei eigentleg ikkje likte så godt å ete. Så skulle dei smake på det seks dagar på rad heime.
– Eg valde blåbær, seier Mathias.
– Eg valde blåmuggost, seier Hedda. – Det var ikkje godt i starten, men vart betre etter kvart.
Resultat: Alle syntest det smakte betre etter seks gonger.
Intervju på butikken
Ei gruppe gjekk til den næraste matbutikken. Der intervjua dei ho som jobbar i butikken og nokre kundar.
Først syntest elevane det var litt skummelt å spørje. Lærar Janne tok det første intervjuet. Då våga elevane også.
Alle dei snakka med hadde lært seg å like noko dei ikkje likte før. Nokre fortalde at dei ikkje likte fisk då dei var barn, men at dei likar det no. Dei fleste trudde det var fordi dei hadde smakt mange gonger.
Resultat: Det verkar som at ein kan lære å like noko nytt dersom ein smakar mange gonger.

Intervju med helsesjukepleiar
Ei gruppe besøkte helsesjukepleiaren på skulen.
Ho forklarte at smaken vår kan forandre seg når vi blir eldre. Ho sa også at vi somme gonger må smake heilt opp til 15 gonger før vi begynner å like noko vi ikkje likte i starten.
Resultat: Nokre gonger må vi smake opptil 15 gonger før vi likar noko nytt.
5. Kva fann dei ut?
1. trinn fann ut at smaken kan forandre seg fordi:
- vi venner oss til nye smakar
- vi tør å smake fleire gonger
- det vi ser kan påverke det vi smakar
- smaken kan endre seg når vi blir eldre
Har du lyst til å lære noko nytt? Då kan du gjere som 1. trinn og forske på din eigen smak!
Meldinger ved utskriftstidspunkt 11 mars 2026, 18:56 CET