La elevane forske sjølv
Nysgjerrigpermetoden er ein utforskande læringsmetode for grunnskulen. Metoden er ei forenkla utgåve av hypotetisk-deduktiv metode som har vore brukt for å finne ny kunnskap i hundreår. Nysgjerrigpermetoden kan brukast i alle fag og for alle trinn.

Bli inspirert av forskarsprint
I forskarsprinten får elevane øve på korleis det er å forske. Elevane får ei problemstilling og skal prøve å finne svar i løpet av ein eller to skuletimar. Formålet er å lære Nysgjerrigpermetoden.
Nysgjerrigpermetoden trinn for trinn
Lurer de på noko ingen endå veit svaret på? Då kan de prøve å forske dykk fram til eit svar med Nysgjerrigpermetoden. Metoden har gode skildringar på korleis de gjennomfører alle seks trinna.
Vis fram kva de har funne ut
Når de har forska fram eigne svar, er det gøy å vise dei fram. Eit nysgjerrigpertorg kan vere ein fin arena til å vise fram forskingsresultata dykkar til resten av skulen.
Kurs i Nysgjerrigpermetoden
Vil du lære meir om Nysgjerrigpermetoden og få tips og råd til korleis du kan bruke utforskande arbeidsmetode i barneskulen? Nysgjerrigper sitt lærarnettverk held gratis kurs for andre lærarar.
Les Nysgjerrigper-prosjekt
- Artikkel
Kvifor liker menneske å leike?
Kva er det som gjer leik så morosamt? Elevane på 2. trinn ved Haukås skule bestemde seg for å forske på eit spørsmål som både er gøy og litt filosofisk: Kvifor liker menneske å leike?
- Artikkel
Kvifor ler vi?
Kva får barn til å le? 6. trinn på Ulsetskogen skule har forska på latter i eit av årets mest morosame Nysgjerrigperprosjekt.
- Artikkel
Egg som fell og landar trygt?
Kan eit egg overleve eit fall frå 10 meter? Det ville 1. trinn på Holmen skule finne ut av.
- Artikkel
Kan vi stole på folk i nærmiljøet vårt?
7C ved Holmen skule har forska på kva folk eigentleg gjer når dei finn noko på gata. Dei «mista» vottar, bamsar og lommebøker – og venta i spenning. Ville nokon levere dei tilbake?
- Artikkel
Fargar, lyd og kjensler
Elevar på 5. trinn har forska på korleis fargar og lydar kan få deg til å kjenne deg glad, trist, sint og til og med redd. Med fantasifulle kjensleboksar, eigenkomponert musikk, lysinstallasjonar og mykje måling har dei testa ut korleis stemning blir skapt. Resultata? Ganske overraskande!
- Artikkel
Sokkeforsking
Nokre vanar er så automatiske at vi nesten ikkje legg merke til dei. Har du tenkt over kva for ein fot du startar med når du tek på deg sokkane? Akkurat det har klasse 6C ved Holmen skule sett nærare på.
- Artikkel
Kvifor får ein tårer av å skjere løk?
Klasse 3b på Bekkestua skule er alltid på jakt etter gode forskingstema. Dei lurer på masse, og i år valde dei løken som Nysgjerrigper-prosjektet sitt. Kva er det med han og tårer, eigentleg?
- Artikkel
Kvifor blir vi glade av songar?
Mange vert i godt humør av musikk. Er du litt nedfor ein dag, kan det hjelpa med ein song. Song og musikk kan få oss til å smila og le, hoppa og dansa. Men kvifor vert me eigenleg glade av song?
- Artikkel
Elevforsking
4. trinn ved Olsborg skule i Målselv har forska på eit spennande spørsmål: Kva er det som utløyser spiringa av planter.