Om kurs i Nysgjerrigpermetoden

Nysgjerrigper samarbeider med eit nettverk av lærarar rundt om i landet. Lærarane har solid bakgrunn frå skuleverket og lang erfaring med å jobbe etter Nysgjerrigpermetoden.

Nysgjerrigper-lærarane kan besøkje skulen din og halde kurs i Nysgjerrigpermetoden for lærarar. Dei kan også halde foredrag eller innlegg på lærarseminar og ulike skulekonferansar.

Vi lovar dykk ein inspirerande og entusiastisk kurshaldar!

Gratis kurs

Kursa er gratis og vi møter behovet for kurs så langt vi kan, men vil prioritere større lærarkurs i område der vi har kurshaldarar. Minste talet på deltakarar på eit kurs er 10. Du kan avtale kurs med Nysgjerrigper eller med kvar enkelt lærar.

Send førespurnad på e-post til nys@forskningsradet.no Legg inn kurs i nysgjerrigpermetoden i emnefeltet.

Nysgjerrigper samarbeider med dei regionale kunnskapssentera. Mange av desse har pedagogar som også kan halde kurs i Nysgjerrigpermetoden, og kan kontaktast direkte. 

Birthe Hodnekvam

Haukås skule, Bergen 

Birthe Hodnekvam er allmennlærar med master i matematikk- og naturfagsdidaktikk. Ho har lang erfaring frå skulen og har også arbeidd ved vitensenteret VilVite i Bergen.

Sidan 2006 har Birthe gjennomført Nysgjerrigperprosjekt med elevar på alle trinn i barneskulen. Ho er også ein av forfattarane bak Undrelaboratoriet. Birthe er oppteken av å la undringa og nyfikna til elevane få ein naturleg plass i undervisninga, og opplever at Nysgjerrigpermetoden gir gode moglegheiter for dette.

Elevane hennar har mellom anna utforska spørsmål som: Kvifor blir knekkebrød mjuke i matboksen? Kvifor snakkar folk med plantane sine? og Kvifor er nokre appelsinar søtare enn andre? 

Birthe koordinerer alle førespurnader om kurs i Nysgjerrigpermetoden.

Dame som står foran en grå bakgrunn og smiler til kameraet

Annette Iversen Aarflot

Utdanningsetaten, Osloskolen

Annette har lang erfaring som lærar ved Eiksmarka og Bekkestua barneskule. I dag jobbar ho i Utdanningsetaten i Oslo, der hun leier utviklingsprosjekt knytte til kvalitetsutvikling i skulen.

Ho fekk Det Norske Videnskaps-Akademi sin lærarpris i 2013 for sitt sterke engasjement for læring og sin evne til å skape nyfikne hos elever. Sidan 2005 har Annette arbeidd aktivt med Nysgjerrigpermetoden saman med elevane sine. Ho har eit stort engasjement for, og sterk tru på, verdien av elevane sine eigne spørsmål.

Elevane hennar har mellom anna undra seg over kvifor popkorn poppar, kvifor vi synest nokre lydar er ekle og kvifor marshmallows forandrar seg på bålet.

Dame som står foran en grå bakgrunn og smiler til kameraet

Joachim Breivold

Bekkestua barneskule, Bærum

Joachim er utdanna grunnskolelærar for 1.–7. trinn ved NTNU og arbeider som kontaktlærar på småskoletrinnet ved Bekkestua barneskole. Her er han også ein viktig drivkraft bak skulen sitt arbeid med årlege Nysgjerrigperveker og Nysgjerrigpertorg.

Joachim set pris på korleis Nysgjerrigpermetoden tek undringa til elevane på alvor. Han opplever at metoden gir gode moglegheiter for tverrfagleg arbeid, høg elevaktivitet og felles opplevingar som skaper engasjement i klasserommet.

Elevane hans har blant annet undersøkt spørsmål som: Kvifor får ein tårer av å skjere lauk? Kvifor er det vanskeleg å kile seg sjølv? og Kvifor får Donald alltid kul?

Mann som står foran en grå bakgrunn og smiler til kameraet

Frode Skjold

NLA høgskulen  

Frode Skjold har gjennom mange år forska på små og store spørsmål saman med elevane sine. Han er utdanna allmennlærar ved Stord lærarhøgskule og har arbeidd som lærar på barnetrinnet i fleire tiår.

Gjennom karrieren har Frode arbeidd mykje med klassemiljø, læringsstrategiar, prosjektarbeid og utforskande arbeidsmåtar. I dag er han seniorrådgivar ved NLA høgskulen med ansvar knytt til grunnskulelærarutdanninga.  

Frode brenn for å gi elevane moglegheit til å utforske egne spørsmål og oppleve gleda ved å finne svar. Elevane hans har mellom anna undersøkt korleis hybelkaninar blir fødde, kvifor mange er redde for mørket og kvifor born før eller seinare kjem i stemmeskiftet. 

Mann som står foran en grå bakgrunn og smiler til kameraet

Vibecke H. Moldestad

Rolland skule, Bergen

Vibecke Moldestad er allmennlærar på småtrinnet ved Rolland skole. Ho har vidareutdanning i norsk, spesialpedagogikk og rettleiing, og ho har lang erfaring med byrjaropplæringa. 

Vibecke er særleg oppteken av korleis Nysgjerrigpermetoden kan brukast i lese- og skriveopplæringa. Ho meiner metoden gir elevane moglegheit til å utforske noko de lurer på samtidig som de utviklar grunnleggande ferdigheiter.

Elevane hennar har mellom annet forska på Korleis finn kattane vegen heim? Kvifor er det så mykje brustein i Bergen sentrum? og Kvifor blir ikkje edderkoppen fanga i sitt eige spindelvev?

Dame som står foran en grå bakgrunn og smiler til kameraet

Kristin Håvarstein

Hafrsfjord skule

Kristin er utdanna allmennlærar med grunnfag i psykologi og vidareutdanning i spesialpedagogikk og utdanningsleiing. Hun har jobba som kontaktlærar i 18 år, hovudsakleg på mellomtrinnet, og ho har i tillegg fleire års erfaring frå skuleleiing. I dag arbeider Kristin som avdelingsleiar for 5.–7. trinn ved Hafrsfjord skole.

Kristin er opptatt av korleis Nysgjerrigpermetoden gir elevane moglegheit til å utforske eigne spørsmål og undersøke ting ein trur på ein systematisk måte. Hun legg vekt på at arbeidet også gir verdifull erfaring med kjeldekritikk og vurdering av informasjon. 

Elevane hennar har mellom anna forska på spørsmål som: Kvifor får vi hjernefrys? Kvifor nys Hilde så rart? og Kvifor har vi lekser?

Dame som står foran en grå bakgrunn og smiler til kameraet

Meldinger ved utskriftstidspunkt 14 juni 2026, 00:09 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.