Om kurs i Nysgjerrigpermetoden

Nysgjerrigper samarbeider med eit nettverk av lærarar rundt om i landet. Lærarane har solid bakgrunn frå skuleverket og lang erfaring med å jobbe etter Nysgjerrigpermetoden.

Nysgjerrigper-lærarane kan besøkje skulen din og halde kurs i Nysgjerrigpermetoden for lærarar. Dei kan også halde foredrag eller innlegg på lærarseminar og ulike skulekonferansar.

Vi lovar dykk ein inspirerande og entusiastisk kurshaldar!

Gratis kurs

Kursa er gratis og vi møter behovet for kurs så langt vi kan, men vil prioritere større lærarkurs i område der vi har kurshaldarar. Minste talet på deltakarar på eit kurs er 10. Du kan avtale kurs med Nysgjerrigper eller med kvar enkelt lærar.

Send førespurnad på e-post til nys@forskningsradet.no Legg inn kurs i nysgjerrigpermetoden i emnefeltet.

Nysgjerrigper samarbeider med dei regionale kunnskapssentera. Mange av desse har pedagogar som også kan halde kurs i Nysgjerrigpermetoden, og kan kontaktast direkte. 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 4 juni 2025, 08:24 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.