Kvifor foldar vi hendene ulikt? (lærarrettleiing)
Nokon foldar alltid hendene med den høgre tommelen øvst, andre med venstre tommel øvst. Kvifor det?
Tidsramme: Éin skuletime
Utstyr: Elevane skal i hovudsak bruke personane i klasserommet som testpersonar.
Dette er lærersida til forskarsprinten. Gå til elevsida.
Introduksjon av problemstillinga
Start med å be alle folde hendene. Be så alle som foldar hendene med den høgre tommelen øvst, om å løfte hendene opp. Då vil de sjå at nokon foldar hendene med den høgre tommelen øvst og nokon med venstre tommel øvst.
Kvifor foldar vi hendene ulikt?
Denne problemstillinga skal elevane no utforske ved hjelp av Nysgjerrigpermetoden. Presiser for elevane at dei ikkje skal gå i gang med utforskinga før hypotesar er laga og planen for undersøkingane er klar.
Lag hypotesar i plenum
Diskuter i plenum kva de trur kan vere svar på spørsmålet. Bli samde om nokre hypotesar, dvs. moglege forklaringar. Døme på hypotesar kan vere:
- Eg trur vi foldar hendene ulikt fordi det avheng av kva hand ein skriv med.
- Eg trur vi foldar hendene ulikt fordi det avheng av korleis vi legg armane i kors.
- Eg trur vi foldar hendene ulikt fordi det er forskjell på jenter og gutar.
Jobb vidare i grupper. Kvar gruppe vel éin hypotese dei vil undersøkje (det gjer ikkje noko om fleire grupper jobbar med same hypotese). No kan du gjerne dele ut elevsida til gruppene.
Legg ein plan for testinga i grupper
Elevane i kvar gruppe må finne ut korleis dei kan teste om hypotesen stemmer eller ikkje, og korleis dei vil notere seg resultatet, før dei kan gå i gang med uttestinga.
Hent opplysningar i grupper
Elevane gjennomfører planen, gjer eigne undersøkingar og innhentar opplysningar som kan styrkje eller svekkje hypotesen.
Oppsummering i gruppene
Elevane ser på resultata frå undersøkingane. Kva seier dei om hypotesen? Er han styrkt eller svekt? Og kva seier det igjen om problemstillinga? Minn elevane på at det er like viktig å finne ut kva hypotesar som ikkje stemmer, som det motsette.
Oppsummering i plenum
Gruppene legg etter tur fram funna sine for resten av klassen. Kva har de til saman funne ut? Kan de no konkludere med noko? Hugs at det å ikkje finne eit klart svar også er eit svar!
Ein vellykka forskarsprint med denne problemstillinga vil vise at det ikkje er ein klar samanheng mellom verken skrivehand, sitjestilling, folda armar eller bein, osb.
Ein klasse forska på problemstillinga. Dei konkluderte med at den sannsynlege forklaringa var:
"Falding av hender er ein motorisk vane som barn lærer seg. Først i treårsalderen har barn fått ganske stabile foldemønster. Då foldar dei fleste med same tommel øvst ved gjenteken falding."
Meldinger ved utskriftstidspunkt 15 august 2025, 14:06 CEST