Spioner på frøet

Visste du at eit frø kan trekkje til seg næring gjennom eit papir? I dette eksperimentet kan du få eit frø til å spire, medan du heile tida kan sjå kva som skjer med frøet medan det spirer og veks!

Illustrasjon: Melkeveien designkontor

Du treng:

  • Ei 1 liter brusflaske
  • Ei stor saks
  • Eit A4 ark
  • Sand eller jord
  • Store tørre salatbønner som blir kjøpte i helsekostforretning
  • Ein tynn pinne som planten kan vekse langs

Slik gjer du:

  1. Vask brusflaska og ta av alle etikettane.
  2. Klipp av toppen der flaska byrjar å skrå innover.
  3. Rull saman eit A4 ark og set det oppi flaska. Arket vil då rulle seg ut og leggje seg fint langs kanten inni flaska. Klipp vekk delen av arket som stikk opp over kanten.
  4. Fyll jord og sand oppi flaska. NB! Pass på at du ikkje får jord eller sand mellom flaskeveggen og arket. Sett frå deg flaska på eit bord og kikk på ho. Du skal ikkje sjå jorda eller sanden. Det er skjult bak papiret.
  5. Lirk ein linjal ned mellom plastveggen og papiret. Gjer det veldig forsiktig så ikkje arket raknar. Når du har komme halvvegs ned langs sida av flaska slepper du ei bønne ned i mellomrommet. Frøet skal no liggje mellom plastveggen og arket. Du skal sjå frøet. Frøet skal ikkje liggje gøymt inni sanden eller i jorda.
  6. Hell cirka 1 dl vatn oppi. Sjekk kvar dag. Ser det tørt ut så vatnar du meir. Ikkje ta for mykje vatn, då druknar frøet ditt.

Kva skjer:

Sjølv om frøet ikkje ligg i sanden eller i jorda, vil det likevel trekkje til seg næring gjennom papiret. Eit papir har nemleg små hol som både vatn og næringsstoff trengjer igjennom.

Frøet vil ganske snart svulme opp og bli større. Det er fordi det syg til seg vatn. Inni frøet vil det no byrje å danne seg røter. Du kan sjå at det kjem små, kvite ”piggar” ut av frøet. Dette er røter. Dei vil snart vekse seg store og lange og slyngje seg rundt nedi flaska. Dette gjer planten for å skaffe seg mest mogleg næring. 

Etter nokre dagar vil du plutseleg sjå at det kjem eit fint, grønt skot ut av bønna. Dette blir stilken til planten. Han veks raskt og snart strekkjer han seg over kanten. Her kan det vere lurt å stikke ned ein pinne som støttar opp stilken. Etter ei vekes tid vil det komme blad. Er du tolmodig vil det også etter kvart komme blomstrar på planten din.

Du kan heile tida følgje med på kva som skjer med frøet ditt medan det spirer og veks

Meldinger ved utskriftstidspunkt 19 mai 2024, 23:48 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.