Kvifor tek vi salt eller sand på isete vegar?
Det skal vi finne ut i dette eksperimentet der vi strør salt, sand og ingenting på is. Her er det viktig at du er nøye med detaljane!
Du treng:
- 3 skåler
- 15 isbitar
- 2 matskeier salt
- 2 matskeier sand
- 3 papirlappar
- Noko å skrive med
- Noko å ta tida med
I dette eksperimentet er det viktig å vere nøye med detaljane. Skålene bør vere like, og det bør vere like mykje is i kvar skål. Det einaste som skal vere ulikt, er det vi strør på toppen: sand, salt eller ingenting. Det er viktig at du har kontroll på kva som er i kvar skål, derfor er det lurt å skrive merkelappar til skålene.
- Lag ein lapp til kvar skål. Skriv sand, salt og kontroll på lappane.
- Set skålene på rekkje. Legg lappen med sand ved den første skåla, salt ved den andre og kontroll ved den tredje.
- Finn fram salt, sand og isbitar.
Gjennomfør eksperimentet
- Legg 5 isbitar i kvar skål.
- Strø 2 matskeier sand over isbitane i den første skåla.
- Strø 2 matskeier sala over isbitane i den andre skåla.
- Kontrollskåla skal ikkje ha noko anna enn is.
- La skålene stå i 2 minutt. Kva ser du?
- Kva skjer med temperaturen? Stikk ein finger (eller eit termometer om du har) i midten av kvar skål. Ikkje bruk same finger, for då blandar du eksperimenta. Kjenner du nokon forskjell?
- La skålene stå i ein time.
Observer kva som skjer og prøv å tenkje ut ei forklaring sjølv før du opnar boksane under.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 21 mai 2025, 05:48 CEST
Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.