Kjem isbjørnen til å overleve?

Det største landslevande rovdyret i verda, isbjørnen, er trua av klimaendringar. Kvar vår dreg derfor forskar Jon Aars og kollegaene hans ved Norsk polarinstitutt til Svalbard for å halde eit auge med dei.

Isbjørnen lever nær sjøis i arktiske strøk, mellom anna på Svalbard. På grunn av klimaendringar får vi mindre og mindre sjøis og dermed blir også isbjørnane sin heim trua.

Finn ut om isbjørnen har det bra

Nettopp derfor er det så viktig at vi har forskarar som følgjer nøye med på korleis isbjørnane klarer seg, fortel Jon. Han er ansvarleg for forskingsprogrammet på isbjørn ved Norsk polarinstitutt i Tromsø. Saman med andre forskarar frå fleire ulike land jobbar han med å spore opp, merke og samle inn prøver frå isbjørnar.

Her tek ein forskar blodprøver av ein bedøvd isbjørn med isbjørnungar. (Foto: Jon Aars/Norsk polarinstitutt)

Prøvene blir brukte til å få informasjon om korleis isbjørnane har det. Klarer dei seg til dømes bra sjølv om sjøisen minkar? Eller klarer dei seg dårleg? Slike spørsmål må forskarane stille seg slik at isbjørnane framleis kan ha det bra.

Har forska på isbjørn i 34 år

Kvart år sidan 1987 har forskarar reist til Svalbard for å samle inn informasjon om mellom anna gena, helsa og matvanane til isbjørnane. Denne informasjonen får dei ved å undersøkje litt av blodet til bjørnane, i tillegg til feitt, hud og hår.

Til dømes kan håret, feittet og blodet gi informasjon om helsa til isbjørnane og om kva slags mat dei et, medan huda kan fortelje forskarane om gena til bjørnen, slik at dei kan byggje familietre. Det vil seie at forskarane finn ut av kva bjørnar som er i familie med kvarandre.

Isbjørnforskar Jon Aars saman med ein bedøvd isbjørn på Svalbard. (Foto: Jon Aars/Norsk polarinstitutt)

Detektivarbeid

Men korleis tek ein eigentleg ei blodprøve av eit rovdyr som veg fleire hundre kilo? Jon fortel at det krev litt detektivarbeid, eit helikopter og ein dose bedøvingsmiddel.

Frå høgda i helikopteret speidar forskarane etter spor i snøen på dei stadene der dei veit at isbjørnane liker å vere. Når dei finn ein bjørn, skyt dei denne frå helikopteret med ei pil som inneheld eit bedøvingsmiddel. Etter kort tid sovnar bjørnen, og forskarane kan trygt nærme seg for å samle inn dei prøvene dei treng.

Jon forsikrar om at prosessen er trygg for både dyr og menneske.

Til slutt måler, veg og merkar forskarane isbjørnen. Eit halsband som registrerer rørsle blir ofte festa på hobjørnane slik at forskarane kan følgje med på om det kjem nye isbjørnungar til verda. Halsbanda kan nemleg avsløre om isbjørnhoene går i hi. I motsetning til andre bjørnetypar er det berre isbjørnhoer som skal føde ungar som gjer dette.

Ei uviss framtid

Jon fortel at isbjørnforskarar er usamde om korleis framtida for isbjørnen ser ut. Likevel er alle samde om éin ting: det vil bli færre isbjørnar i verda dei neste ti-årene. Nokre forskarar meiner faktisk at isbjørnen kjem til å forsvinne fullstendig, men Jon er meir optimistisk og tviler på utrydding.

Her har ein isbjørn med ungar vorte bedøvd. I bakgrunnen ser du helikopteret som forskarane bruker til å leite etter isbjørnane på Svalbard. (Foto: Jon Aars/Norsk polarinstitutt)

Likevel påpeikar han at framtida til isbjørnen er heilt avhengig av korleis det går med sjøisen i Arktis, sidan dette er isbjørnens heim. Med dagens klimaendringar lever isbjørnen derfor eit svært utsett liv.

– Viss sjøisen forsvinn, forsvinn isbjørnen, avsluttar Jon.

  • Isbjørnen er det største landslevande rovdyret i verda. 
  • Vaksne hannar er vanlegvis 180–260 cm lange og har ei skulderhøgd på opptil 170 cm. Dei vegane vanlegvis 300–600 kilo, medan hobjørnane vanlegvis veg 150 – 300 kilo. 
  • Hannbjørnar blir kalla bamsarog hobjørnar blir kalla binner
  • Isbjørnen lever i område med sjøis i Arktis. 
  • Den viktigaste maten til isbjørnen er sel.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 31 mai 2025, 01:21 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.