Kvifor er Svalbard så viktig for Noreg?

I 100 år har Noreg styrt over Svalbard, men vi kan ikkje gjere heilt som vi vil. Av og til blir det litt krangel.

I omtrent 500 år var det ingen som styrte over Svalbard. Men etter kvart vart det mange som ville fiske og drive fangst, og mange ville vinne ut mineral frå gruvene. I 1920 vart derfor fleire land samde om å ta vare på området med felles reglar. Dei bestemde også at øygruppa skulle vere norsk. Avtalen vart kalla Svalbardtraktaten.

Fordi Noreg styrer over Svalbard, har vi tilgang til det verdifulle Polhavet. Hava rundt Svalbard er fulle av fisk, og det kan hende det finst olje, gass eller verdifulle mineral under havbotnen.

Tegnet kart over Norge med Svalbard som viser fiskebåt, hval og norskt flagg

Alle land som er med på avtalen får lov til å utnytte naturressursar i området, som å fiske og drive gruver. I avtalen står det også at ingen land får ha militære på Svalbard.

Det er Noreg som avgjer kor mange båtar frå ulike land som kan fiske ved Svalbard. Det fleste landet har godteke dette, men av og til blir det krangel.

Akkurat no er det EU som ikkje vil at Noreg skal halde fram med å avgjere kor mykje som skal fiskast rundt Svalbard. Dei har lyst til å lage sine eigne kvotar. Då seier Noreg «nei», og så kan det komme til å bli eit ganske stort problem for begge partar.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 31 mai 2025, 01:37 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.