Svalbard er den beste staden for å forske på nordlys

Forskarar kjenner godt til det vakre nordlyset. Men dei studerer det nøye for å finne ut meir om atmosfæren. Og Svalbard er den perfekte staden for å gjere dette.

Har du nokon gong sett nordlyset? Mange meiner dette er noko av det vakraste naturen har å vise oss. Men nordlyset er ikkje berre fint å sjå på. Det kan også fortelje oss mykje som kva som skjer i atmosfæren.

Det som skjer i atmosfæren, er viktig for oss her på jorda. Og det gjeld ikkje berre klimaendringar.

Vi er heilt avhengige av satellittar. Dei hjelper oss med å finne vegen gjennom GPS-ar, og dei sørgjer for at vi kan snakke saman ved hjelp av mobiltelefonar. Utan satellittar hadde vi vore ganske hjelpelause i dagens samfunn.

Hol i magnetfelt

For at satellittane skal fungere på best mogleg måte, må vi vite korleis atmosfæren påverkar dei og signala dei sender ned til oss. Ein av dei som prøver å forstå dette er Dag Lorentzen. Han er forskar på Universitetssenteret på Svalbard, og har jobba lenge med nordlys. Og det er ikkje utan grunn at han jobbar på Svalbard.

– Svalbard er den beste staden på jorda for oss nordlysforskarar, seier han.

Dag forklarer at det finst ei opning i jordas magnetfelt rett over Svalbard. Solpartiklar som treffer jorda, kjem derfor rett ned til instrumenta til forskarane. Det er berre på Antarktis at det finst eit liknande hol i magnetfeltet, men det er mykje lettare for forskarane å reise til Svalbard.

I tillegg er det mørkt heile vinteren, slik at det blir mogleg å forske på nordlys også om dagen. Og Svalbard har mange forskingsinstrument, som radarar og kamera, som kan sjå på heile himmelen samtidig og måle fargen på nordlyset og kva slags partiklar som treffer oss.

Tegning av person med varm hetejakke og som ser opp med kikkert

Ekstremvêr på sola

Det som skjer i atmosfæren, blir påverka av utbrot frå sola. Viss sola har eit kraftig utbrot, vil mange partiklar treffe jorda. Desse vil påverke signala frå satellittane, men også fly og straumnettet kan bli ramma.

Forskarane følgjer heile tida med kva som skjer på sola, og kva utbrota gjer med atmosfæren.

– I 1859 var det eit veldig sterkt utbrot frå sola, det vi forskarar kallar ein superstorm, seier Dag.

– Om dette hadde skjedd i dag, ville det fått store konsekvensar for satellittar og annan teknologi som vi er heilt avhengige av.

Vi var nære på i 2012. Då var det eit liknande kraftig utbrot frå sola, men heldigvis trefte den ikkje jorda – så vidt!

NASA forskar på Svalbard

Fordi Svalbard er ein så bra stad å forske på nordlys og atmosfæren, er det mange land som vil vere med. Snart skal den amerikanske romorganisasjonen NASA og den japanske romorganisasjonen skyte opp kvar sin forskingsrakett.

Desse rakettane skal reise mange hundre kilometer opp i atmosfæren for å gjere mange målingar. Så fell dei ned mot jorda igjen og landar ein stad i havet nær Svalbard. Informasjon blir undersøkt av forskarar på den beste staden i verda for nordlysforsking – Svalbard.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 31 mai 2025, 00:39 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.