Forskarar har undersøkt skulegardar med hjelp frå elevar

Som elev er du mykje tid ute på skulen. Då er det viktig at det er ein god stad å vere, at du kan leike, vere sosial og fysisk aktiv. Det er også viktig at det er noko for alle å gjere, same kva ein liker.  

Forskarar har undersøkt kva som skal til for at uteområda kan bli bra, med god hjelp frå elevar i Forskerkampanjen i 2021.

Oppdrag: Undersøk uteområdet til skulen 

I Forskingskampanjen går forskarar saman med elevar for å finne ut av noko som forskarar treng svar på.

I 2021 var oppdraget å finne ut kor stor uteplass elvar oftast har på skulen og korleis plassen blir brukt. Elevane skulle mellom anna bruke kart og måle, telje ting som leikeapparat, tre og fotballmål og observere aktivitetar.  

På nettsida kunne elevane samanlikne skulen sin med andre skular i landet. Kanskje det er vanleg å spele fotball på skulen din, medan andre speler mest slåball? 

Her kan de sjå rapporten frå kampanjen.

Korleis bør uteområdet til skulane vere? 

Professor Kine Halvorsen Thorén har forska på uteområda til skular:

– Vi visste veldig lite om norske skulegardar, til dømes kor store dei er eller kva dei inneheld. Vi visste heller ikkje kva elevane synest om skulegardane sine og om det var nok å gjere anten det er om sommaren eller om vinteren. Så dette var ei fantastisk moglegheit for oss som er arbeid med forsking på dette feltet, seier  ho. 

I forskingsprosjektet fann forskarane ut fleire ting som er viktige for at elevar trivst og er aktive på skulen.  

 Ein skulegard er bra når:  

  •  Det er variert natur, til dømes fine lekeområder med trær og buskar som skyggjer for sola og litt ujamt terreng.  
  • Elevar kan velje mellom ulike leikeapparat og anna utstyr slik at dei kan vere fysisk aktive.  
  • Det er litt ulike typar område med ulik storleik slik at du kan velje om du vil leike, klatre, spele fotball eller berre sitje i ein krok og snakke med vennene dine. 

Det er ikkje noko fasitsvar på kor stor skulegarden bør vere, men resultata frå forskingsprosjektet tyder på dersom det er mindre enn 20m2 per elev, kan det bli litt for trongt. 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 1 mai 2025, 04:54 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.