Framtidas snø
Vanlege snøkanonar verkar berre i minusgrader. Norske forskarar vil lage snø i varmegrader på ein klimavennleg måte.
Han er kald! seier Marita (8) og kjenner på snøen i skihallen Snø på Lørenskog.
– Det er veldig gøy å stå på ski inne. Men eg liker å stå på ski ute òg, seier Hanna (9).
At snøen i ein alpinbakke er kald, er kanskje ikkje så rart. Men denne alpinbakken er ganske spesiell. Den er nemleg innandørs.
Korleis ein lagar snø innandørs, har ikkje Marita og Hanna tenkt på.
– Men eg har høyrt ordet kunstsnø. Eg trur det er snø som ikkje er ekte, seier Hanna.
– Eg synest snøen her kjennest ut som vanleg snø, seier Marita.
Vintrar utan snø
Du har kanskje høyrt at klimaet blir varmare. Det er dumt for dei som er glade i å gå på ski. Mange stader i Noreg blir det stadig færre vintre med skiføre.
– Vi vil sjølvsagt helst ha snø frå himmelen. Men det er ofte ikkje nok. Derfor har mange alpin- og langrennsanlegg snøkanonar som lagar kunstsnø, fortel forskar i Sintef, Sverre Stefanussen Foslie.
Han er med i eit prosjekt som heiter Snow for the future (Snø for framtida). Gjennom prosjektet prøver forskarane å finne ut korleis ein kan lage kunstsnø på ein klimavennleg måte. Særleg forskar dei på korleis ein kan lage snø i varmegrader.
Snø lagar varme
Vanlege snøkanonar verkar berre i minusgrader. Snøkanonar skyt nemleg ut bitte små vassdropar som frys til iskuler i lufta. Om ein vil lage snø i plussgrader, må ein gjere det på andre måtar.
– I plussgrader lagar ein gjerne is i små flak. Slik is blir allereie brukt mykje i fiskeindustrien, fortel Sverre.
Når desse isflaka blir fordelte ut i skitraseen og blir køyrde over av løypemaskiner, blir det fine skiløyper.
– Ein annan metode er å lage snø med ei gigantisk slush-maskin. Ein lagar ei blanding av is og vatn, og så prøver ein å sile ut den tørraste delen, forklarer han.
Krev mykje straum
Sverre fortel at problemet med å lage snø i varmegrader i dag, er at det krev mykje straum og lagar mykje varme.
– Det blir som ein frysar som er kald på innsida, men varm når du kjenner på den på utsida, forklarer han.
På Sjusjøen i Innlandet har dei i dag ei maskin som kan lage snø sjølv midt på sommaren. Men ho bruker mykje straum for å kjøle ned vatnet så det kan bli til snø. Maskina lagar også mykje varme.
Nyttig varme
Foslie fortel at dei prøver å finne ut korleis ein kan bruke denne varmen til noko nyttig.
– Til dømes kan ein bruke han til å varme opp bygg i nærleiken, fortel han.
– Vi prøver også å finne ut om ein kan lage snø ved å bruke energi frå varme ein allereie har til overs. Til dømes er det slik at mykje av søppelet vårt blir brunne i forbrenningsanlegg. Det gir varme som kan brukast til andre ting – som å lage snø, fortel han.
Berre for nødstilfelle
I skihallen på Lørenskog blir snøen laga av snøkanonar. I hallen er det alltid minusgrader, slik at snøen ikkje smeltar. For å få det kaldt inne, blir varmen sogen ut av hallen. Så blir varmen brukt til å varme opp andre bygg i området. Men sjølv om ein finn betre måtar å lage kunstsnø på, vil dette aldri bli like miljøvennleg som snøen som daler ned frå himmelen.
Foslie fortel at det ikkje er meininga at mykje snø skal bli produsert i varmegrader.
– Men det kan til dømes vere aktuelt om ein skal ha eit stort skiarrangement og ein ikkje får laga snø på andre måtar.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 2 mai 2025, 11:06 CEST