Ser du kva dette er?

Fossil frå eit museum? Verdifulle edelsteinar? Ei skjelsamling, kanskje? Prøv igjen.

Sand forstørret 300 ganger
Klarer du å sjå kva dette er? Foto: Getty Images

Sjå det for deg: Du sit på ei heilt vanleg badestrand. Rundt deg er det bølgjar som slår, svaberg og måkeskrik, barn med bøtte og spade – og mykje sand. Tonnevis og tonnevis med sand. Men når du fyller handa di og lèt korna renne sakte mellom fingrane, har du nokosinne tenkt over kva denne sanden eigentleg består av?

Ei fascinerande verd

Bileta du ser på desse sidene, er av heilt vanleg sand frå ulike verdsdelar. Sand som har vorte sanka inn, sortert, forstørra og fotografert under eit kraftig mikroskop.

– Når vi ser nærare på berre ei lita klype sandkorn, er det ei fascinerande verd som trer fram, seier Anders Romundset, forskar ved Noregs geologiske undersøking.

– Desse bileta er eit godt døme på at vi ikkje berre kan stole på auga våre for å forstå kor vakker og innhaldsrike naturen er.

Forstørra 300 gonger

Sanden vi ser på bileta, er henta inn frå strender i Frankrike (Bretagne), Indonesia (Raja Ampat) og USA (Bahamas). I handa di ville dette sett ut som vanlege sandkorn – små, runde og irriterande på brødskiva. Men når sandkorna er forstørra opptil 300 gonger, oppdagar vi at dei eigentleg er knøttsmå bitar av korallar, fossil og mineral. Vi ser også fleire sniglehus, ei rekkje småstein i ulike fargar og – ikkje minst – skil.

– Bileta vi ser frå Frankrike, består hovudsakleg av skjelsand som er veldig vanleg også langs norskekysten. Faktisk er skjelsand ein viktig norsk ressurs som blir brukt mellom anna som mat for høns og til jordforbetring, fortel forskaren.

Fotspor i sand
Sand er eigentleg knøttsmå bitar av korallar, fossil, mineral, sniglehus og skil. Foto: Getty Images

Sandfabrikken Noreg

Kva gjer eigentleg at sand ser så ulikt ut frå stad til stad?

– Utsjånaden til sanden er avhengig av historia dei ulike korna har, seier Anders. 

– Sand som stammar frå berggrunn, til dømes frå bergartane granitt eller basalt, har vorte slite ned av naturkreftene over lang tid. Denne forhistoria vil avgjere om sanden blir lys eller mørk, rundt eller kantete, grov eller finkorna.

Naturkreftene produserer faktisk enormt mykje sand i Noreg kvar einaste dag.

– Det er fordi vi har veldig mykje regn, vind og slitasje frå isbrear, fortel Anders.

– Sand du finn i ørkenen, til dømes, vil sannsynlegvis vere mykje eldre og meir kantete i forma, fordi sandkorna i ein ørken blir frakta rundt med vinden og ikkje i vatn.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 31 mai 2025, 00:45 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.