Forskarar tok bilete av svart hol

Svarte hol er heilt usynlege. Men no har romforskarar klart å fotografere eitt av dei likevel.

Svart hull fotografert (Kampanjebilde)
Det aller første biletet av eit svart hol. Den glødande ringen er stråling frå støv og gass rundt holet. Den enorme tyngdekrafta frå det svarte holet bøyer til og med lyset. Derfor ser det ut som ein ring same kvar ein ser det frå. Foto: EHT Collaboration

Svarte hol trekkjer til seg alt som finst i nærleiken. Tyngdekrafta er så sterk at ikkje eingong lyset slepp unna. Det er derfor hola blir kalla svarte. Og ettersom det ikkje kjem noko lys ut av hola, er dei usynlege. Det går heller ikkje an å fotografere dei. Men det går an å ta bilete av det som skjer rundt dei! No har ei gruppe forskarar gjort nettopp det.

Stråling frå hola

Tiltrekkingskrafta får gass og støv til å sirkle rundt det svarte holet. Fortare og fortare. Nærare og nærare. Akkurat som vatnet i badekaret når du trekkjer ut proppen. Den forrykande farten gjer at alt blir frykteleg varmt. Så varmt at mange typar stråling blir sende ut i verdsrommet – alt frå synleg lys til radiobølgjer og røntgenstrålar. Det var denne strålinga forskarane
klarte å fange opp.

Slik gjorde dei det

Forskarane kopla saman åtte kraftige radioteleskop, plasserte ulike stader i verda. Saman fungerte dei som eitt gigantisk teleskop. Det samankopla teleskopet på jorda var så sterkt at ein kunne sett ein appelsin på månen. Det var med dette teleskopet forskarane fotograferte strålinga frå eit svart hol. Holet finst i galaksen Messier 87, 55 millionar lysår frå jorda.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 6 juni 2025, 09:52 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.