Skal det vere ei vepsekake eller ein grashoppetaco?

FN har tilrådd ei heil verd å ete insekt og larvar. Blir det snart like vanleg med vepsekaker som fiskekaker til middag?

Nærbilde av en som er i ferd med å spise en stekt gresshoppe.
Insekt er heilt vanleg mat i andre delar av verda. Foto: Shutterstock

– Eg trur mange av dei som les Nysgjerrigper no, vil ete insekt i løpet av sitt liv. Men det blir kanskje ikkje ein del av det daglege kosthaldet til denne generasjonen, seier forskar Anita Nordeng Jakobsen, som jobbar med matvitskap ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU).

Næringsrike larvar

To milliardar menneske, særleg i Asia, bruker insekt i kosthaldet sitt. No meiner dei som jobbar med mat og ernæring i både FN og EU at også resten av verda må ta etter. Mange insekt og larvar er nemleg svært næringsrike. I tillegg er dei lite forureinande å produsere. 

– Insekt kan vere ei god kjelde til sunne feittsyrer. I tillegg inneheld enkelte insektartar vitamin B12, som alle menneske treng å få gjennom kosten, fortel Nordeng Jakobsen. 

Pizza med larver og insekter.
Pizza med larvar og insekt. Foto: Shutterstock

Insektmjøl 

Forskaren trur likevel det er lenge til vi byter ut kjøtt mot grashopper i tacoen.

– Eg trur vi har eit stykke å gå før folk flest synest det er greitt å ete insekt i direkte form. Det er meir sannsynleg at vi byrjar å bruke produkt som insektmjøl, seier forskaren.

Ho trur at vi først og fremst kjem til å bruke insekt som fôr til laks, svin og kylling. 

Insekt på menyen: I videoen viser forskar Frode Ødegaard kva insekt ein kan finne og fange i skogen.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 31 mai 2025, 01:16 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.