I den andre enden av lynet

Har du nokon gong lurt på kva som skjer inne i toreskyene? Eller over dei? For å finne ut meir om dette, bruker forskarane ein romstasjon og eit instrument frå Bergen.

Til venstre er det en illustrasjon av en jette, en samling ånder og en alv i ulik høyde over tordenskyen. Til høyre er det et bilde av lynnedslag.
Her ser vi både ein jette, ei samling ånder og ein alv i ulik høgd over toreskya.

Eit skikkeleg torevêr er noko av det mest imponerande naturen har å by på. Tordenet brakar. Kraftige lynglimt splittar nattemørket. Det er ingen tvil om at det er store krefter i sving.

For oss her nede på jorda, kan det til og med vere litt skummelt. Særleg når lynet slår ned. Men har du nokon gong lurt på kva som skjer i den andre enden av lynet? Den øvste enden? Kva går føre seg eigentleg inne i toreskyene? Og over dei? For å finne ut meir om dette, må forskarane undersøkje torevêret ovanfrå.

Frå Noreg til verdsrommet

I april 2018 letta ein diger romrakett frå Cape Canaveral i USA. Om bord i raketten var ein stor instrumentpakke. Eit av instrumenta i pakken var laga i Noreg, nærare bestemt ved Birkelandsenteret for romforsking i Bergen.

Det norske instrumentet har fått namnet MXGS. Det er ein detektor som kan måle røntgenstråling og gammastråling.

Forskarane i Bergen har jobba med MXGS i fjorten år. No får dei endeleg løn for strevet. Både raketten og instrumenta kom trygt fram til målet: Den internasjonale romstasjonen. Heile instrumentpakken vart montert på utsida av romstasjonen. Fleire hundre kilometer over toreskyene.

Masse lyn som skyter ned fra tordenskyen.
Kva er det eigentleg som skjer på oversida av toreskya? Foto: Shutterstock.

Mystisk, men naturleg

No er instrumenta i full gong med å studere lyn og tore. Forskarane håpar dermed dei kan finne ut meir om kva som skjer når det lyner. Både inne i toreskyene og over dei.

MXGS måler usynleg stråling frå jordiske gammaglimt. Andre instrument fotograferer og undersøkjer ulike typar lys: ånder, alvar og blå jettar.

Dei fantasifulle namna høyrest nesten overnaturlege ut. Men alt saman er heilt naturlege fenomen, på oversida av toreskyene. No håpar forskarane å lære meir om korleis dei mystiske lysfenomena blir til. Og om korleis dei oppfører seg.

Lyn og tore er spennande saker. For forskarane òg. Særleg når dei får sjansen til å undersøkje dei ovanfrå.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 21 mai 2025, 16:55 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.