Bjørn hjelper kirsebær
Bjørnar i Japan et kirsebær og bæsjar ut igjen steinane i høgare strøk. Dette hjelper kirsebærtrea å spreie seg høgare opp i terrenget, der det er kjøligare.

I fjella vest for Tokyo står kirsebærtrea i fare for å døy ut fordi det blir for varmt for dei. Bjørnar elskar kirsebær. Dei et dei og ber med seg steinane i magen heilt til dei kjem ut i andre enden. Japanske forskarar ville undersøkje kvar steinane hamna.
Dei plukka kirsebærstein frå bjørnebæsj og fann til si overrasking ut at nesten alle hadde vorte bore høgare opp i terrenget, gjennomsnittleg 307 høgdemeter. Dette er antakeleg fordi den andre maten bjørnen liker å ete, veks lenger oppe i skråningane.
Må ha hjelp
Dette er eit døme på at vandringane til dyra kan hjelpe plantar med å komme seg opp i høgare strøk og slik flykte frå klimaendringane. I motsetning til dyra, kan ikkje plantane sjølv flytte på seg. Dei er derfor avhengige av at nokon andre spreier frøa deira til meir gunstige veksestader.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 23 mars 2026, 15:22 CET