Konspirasjonsteoriar og farlege rykte

Har du nokon gong baksnakka nokon, eller spreidd usanningar om noko eller nokon? Små rykte er som regel harmlause, men nokre rykte kan vere farlege.

En jente hvisker inn i øret til en gutt
Om noko verkar for utruleg til å vere sant, kan du spørje: Korleis veit du dette? Kan du bevise det? Kan vi sjekke om det er rett? Foto: Shutterstock.

Nesten heile verda sat klisteret framfor tv-en 20. juli 1969. Det var då amerikanaren Neil Armstrong vart det første mennesket som sette sin fot på månen. Tv-sjåarane kunne til og med høyre Armstrong seie: "That’s one small step for a ein, one giant leap for mankind."

På norsk betyr det noko sånt som "eit lite steg for ein mann, men eit stort steg for menneskeslekta". Alle såg det! Likevel var det nokon som spreidde rykte om at månelandinga var ein bløff – at astronauten vart filma i eit filmstudio.

Månelandinga

Ryktet om månelandinga er berre éin av veldig mange konspirasjonsteoriar – eller rykte – som finst.

Ein konspirasjon betyr eigentleg at ei gruppe menneske prøver å påverke omverda i skjul. Det kan vere noko så enkelt som at eitt menneske snakkar nedsetjande om ein annan i gjengen, for at dei andre vennene ikkje skal like han eller henne. Om dei andre vennene trur på det slemme som blir sagt, vel dei kanskje å fryse ut vedkommande. Det er sjølvsagt skikkeleg dårleg gjort. Men ryktespreiaren har då oppnådd det han eller ho ønskjer.

Kvifor spreie rykte?

Kvifor spreier menneske usanne rykte, og kvifor vel nokon å tru på dei? Det prøver forskaren Asbjørn Dyrendal å finne ut. Asbjørn jobbar ved Institutt for filosofi og religionsvitskap ved NTNU.

Han trur det er fleire grunnar til at nokon spreidde rykte om at månelandinga var ein bløff. Éi av forklaringane kan vere at nokon ville setje amerikanske vitskapsfolk og styresmakter i eit dårleg lys.

Bilde av to gamle tv-er med bilder fra månelandingen fra 1969
Amerikanarane var dei første som landa på månen i 1969. Det var det ikkje alle som trudde på, trass i bilete frå månelandinga, som det til venstre her. Til høgre ser du astronautane Neil Armstrong, Michael Collins og Edwin Aldrin Jr. Foto: NASA.

Frå rykte til forfølging

Asbjørn fortel at dei fleste konspirasjonsteoriane er ufarlege, men at nokre rykte kan skade mange fleire menneske enn venner og kjende. Somme rykte har, til dømes, ramma politiske eller religiøse grupper.

Forfølgde menneske

– Jødar har vore utsette for mange konspirasjonsrykte gjennom historia. Eit av dei går ut på at jødane forgifta drikkevatnet og dermed stod bak pestbølgjer som Svartedauden. Det er sjølvsagt ikkje sant. Men dei som spreidde rykta, ville at andre skulle tru at jødane var farlege. Det enda også med at jødane vart forfølgde, fortel Asbjørn.

Still spørsmål tilbake

Asbjørn Dyrendal seier at ein ikkje skal tru på alle "løyndommane" som blir fortalde. Om ein eller annan prøver å overtyde deg om noko eller nokon, kan det vere lurt å stille nokre spørsmål tilbake, før du vel å tru noko som helst.

– Du kan til dømes spørje vedkommande: "Korleis veit du dette? Kan du i så fall bevise det du seier? Og kan vi sjekke om dette er rett?"

Publisert i Nysgjerrigper 2–2017 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 31 mai 2025, 02:00 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.