Kva seier katten?

Tenk deg å kunne forstå kattespråket. Å vite kva kjæledyret ditt seier når det mjauar. Det er mogleg! Vi har møtt ein mann som faktisk kan kattespråket.

To katter som strekker nakken for å se inn i kamera
Kattar fortel om kjensler dei har, kva dei ønskjer å gjere, og kva dei ønskjer av andre. Foto: Shutterstock.

Mannen heiter Bjarne O. Braastad og jobbar som etolog ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet. Bjarne har skrive bok om åtferda og velferda til katten. Vi kan på ein måte seie at han er ein katteprofessor. Etologi er nemleg læra om korleis dyr oppfører seg.

Signal

Dyr kommuniserer på ein annan måte enn oss menneske. Likevel "snakkar" dei slik at dei forstår kvarandre. Bjarne meiner kattar fortel om kjensler dei har, kva dei ønskjer å gjere og kva dei ønskjer av andre – anten det er andre kattar eller menneske. Og dette kommuniserer dei gjennom ulike signal. Lyd er eitt av dei.

Katten mjauar, målar, uler, knurrar og kveser. Dei ulike lydane har mange variasjonar.

En brunstripet katt ligger på gulvet og kikker mot kamera
Frå ein svolten katt kan du høyre eit langt miaouuuu. Foto: Shutterstock

Mjauing

Mjauing er det vanlegaste språket katten bruker. Det finst nokre faste reglar for kva M-I-A-U betyr. Vi må berre høyre etter kva for ein av dei fire bokstavane katten legg vekt på, for å forstå kva han meiner med mjauet sitt.

Miiiau

Ein lang i-lyd kan høyrast ut som eit kvinande mjau. Dette betyr at katten opplever ubehag eller smerte. Tråkker du på halen til katten, vil du sikkert få dette mjauet til svar. Det betyr: "Au! Det der gjorde vondt!" Jo lenger eller sterkare i-lyden er, jo vondare opplever katten det.

HØYR MIIIAU-LYDEN 

Miaaau 

Ein lang a-lyd er den mest typiske mjauelyden. Eit langt miaaau betyr at katten ønskjer seg noko. Sit han ved matskåla, prøver han heilt sikkert å seie "Eg vil ha mat". Om det allereie er mat i skåla, gir han kanskje beskjed om at maten ikkje er bra nok.

HØYR MIAAAU-LYDEN 

Miaouuu 

Når katten trekkjer ut den siste delen av mjauet, viser han at han er frustrert. Han har byrja å miste trua på at han får ønsket sitt oppfylt. Jo lengre han held u-lyden, jo meir frustrert er han. Har katten mast om mat, kan han starte med miaau og gå over frå miaau til miaaaaa, miaouu og til slutt eit langt miaouuuu.

HØYR MIAOUUU-LYDEN 

Mngau 

Av og til legg katten inn eit "ng" i mjauet, og det høyrest ut som mngau. Då protesterer han over eit eller anna. Det kan vere at han har masa om mat og fått ei skål med varm fisk. Om du tek frå han skåla for å kjøle ned fisken, vil han seie "mngauuu". "Hei du! Kom tilbake med maten min."

Mæ-æ-æ 

Dette er ein veldig hakkete lyd som katten bruker om han ser noko han gjerne vil ha på kort avstand, men ikkje får tak i. Lyden kan komme om katten sit og ser ein fugl rett utanfor stovevindauget. Nokon meiner at han seier: "Kom her. Eg vil ete deg!" Katten har mange ulike lokkelydar, og typisk for desse lydane er at dei går opp i tonehøgd mot slutten. Dei kan ha både korte og lange a-ar, avhengig av kor sterkt katten vil lokke på noko.

Maling

Katten trivst og fortel oss: "Her vil eg framleis vere, så hald deg i ro." Jo kraftigare malinga er, jo meir nyt katten det.

HØYR LYDEN AV MALING 

En brunstripet katt ligger på gulvet og mjauer
Eit langt ul betyr at katten har eit sterkt ønske om noko, til dømes at ein annan katt skal pelle seg vekk! Foto: Shutterstock.

Uling

I løpetida kan hannkattar ule veldig mykje, og særleg om to konkurrerande hannkattar møter kvarandre. Då gjeld det å ule lengst og kraftigast. Ulelyden er eigentleg eit mjau der a-lyden, og kanskje u-lyden blir trekt ut i det lengste. Då kan ein høyre lyden som "miaaaaaaaaaauuuaaaaaaaauuu". Katten har eit sterkt ønske om noko, nemleg at den andre katten skal pelle seg vekk.

HØYR LYDEN AV ULING 

Knurring

Katten kan knurre som ein hund. Knurringa er ei åtvaring om at han kanskje vil vere i fred eller ha maten sin for seg sjølv. Om katten har behov for å åtvare endå meir, kan knurringa gå over i eit kraftig mjau: knurraaau.

Kvesing og spytting

Katten kveser om han blir pressa opp i eit hjørne og ikkje får flykta. Kvesinga er ei åtvaring om at du skal halde deg unna. Spytting skjer når katten opnar munnen og blæs ut ein kraftig lyd. Det kan høyrast ut som eit "te!". Det er ein brå lyd som katten bruker om han blir forskrekka. Den brå lyden kan gi eit lite støkk i motparten. 

(Lydfiler: Bjarne O. Braastad/NMBU)

Meldinger ved utskriftstidspunkt 24 mai 2025, 23:36 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.