Kor reiser trekkfuglane?

Trekkfuglane som kjem til Noreg om våren. Dei følgjer ulike reiseruter og kjem frå ulike land. Last ned trekkrute-plakaten vår og finn ut kva for nokre land dei reiser til!

Fuglar som er ein annan stad om vinteren enn om sommaren, blir kalla trekkfuglar. Nokre trekkfuglar nøyer seg med ein lang vinterferie i England og Tyskland, medan andre reiser tusenvis av kilometer før dei går inn for landing.

Kjende trekkfuglar i Noreg er linerle, stare, svarttrost, gråtrost, bokfink, gauk, vipe og tjeld.

Her kan du laste ned eit kart over kor dei vanlegaste trekkfuglane reiser om vinteren. Skriv det ut og heng det på veggen!

Standfuglar

Fuglar som overvintrar, kallar vi standfuglar. Kjende standfuglar i Noreg er dompap, fossekall, kjøttmeis, blåmeis og gråsporv.

 

 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 25 mai 2025, 00:22 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.