Umami – kva smaker det?
Du har kanskje lært at vi har fire ulike smakssansar på tunga – surt, sala, søtt og bittert? Det er ikkje lenger heilt rett. No har det vorte påvist ein femte smak, nemleg smaken umami.
Sjølv om du ikkje har høyrt om smaken umami før, er dette eigentleg ikkje ei ny oppdaging. Allereie for 100 år sidan oppdaga ein japansk forskar denne smaken, men kunnskapen nådde oss først for nokre år sidan.
Gammalt nytt?
Du lurer kanskje på kvifor vi ikkje fekk vite noko før? Jo, han gløymde å fortelja til andre kva han hadde funne ut, så denne oppdaginga måtte gjerast på nytt. Dette viser kor viktig det er for forskarar å fortelja andre om funna sine!
Kva smaker umami?
Umami er eit japansk ord som kan omsetjast med delikat eller vedunderleg. Det er vanskeleg å forklare korleis denne smaken kjennest ut i munnen, men nokon beskriv den som salt, søtt eller "kjøttaktig".
Smak av protein
Smaken umami er eigentleg smaken av glutamat i det vi et. Glutamat er ei aminosyre som finst i protein, og det er mykje protein i kjøtt. Det er nok derfor nokon seier at smaken umami smaker "kjøttaktig". Det er spesielt mykje glutamat i kjøtt, ost, tomat og morsmjølk.
Smakslaukar over heile tunga
Fram til for nokre få år sidan trudde vi at smakslaukane var plasserte på eigne område på tunga, til dømes at smaksløkane som kunne kjenna igjen søta matvarer var plasserte berre ytst på tunga. Det stemmer ikkje. Forskarane har no funne ut at alle dei fem smaksløkane er spreidde utover heile tunga.
Vi bruker mange sansar for å smaka
Smaksopplevinga vår er eit samarbeid mellom fleire sansar. Lukt har mykje å seie for korleis smaken blir oppfatta. Du har kanskje lagt merke til at maten ikkje smaker så mykje når du er forkjølt? Korleis maten ser ut har også mykje å seie for korleis du opplever smaken. Og har du forresten lagt merke til at maten ofte smakar betre om du et saman med andre?
Meldinger ved utskriftstidspunkt 8 juli 2025, 23:06 CEST