Løyndommen i pyramidane
For over fire tusen år sidan bygde folket i Egypt nokre av dei mest fantastiske byggverka i verda, nemleg pyramidane.
I løpet av litt over tusen år (mellom år 2700 og 1600 før Kristus), bygde folket i Egypt over 90 pyramidar. For å byggje pyramidane hadde dei dyktige arkitektar og matematikarar til å rekne ut korleis det enorme byggverket skulle setjast saman. Blant arbeidarane fanst det både murarar, steinhoggarar, landsmålarar og tømrarar. Arbeidarane brukte verktøy av kopar og dolerittstein, ein veldig hard steintype.
Gravkammer
Pyramiden skulle vere eit gravkammer, og vart derfor bygd av stein slik at han skulle vare til evig tid. Egyptarane brukte granitt, kalkstein og soltørka murstein som materiale. Bortimot to og ein halv million steinblokker gjekk med for å byggje den største pyramiden, Kheopspyramiden. Kvar av steinane vog mellom to og tre tonn.
For å komme til toppen av pyramiden medan dei bygde han, brukte arbeidarane ei utvendig jordrampe. Denne måtte heile tida byggjast høgare etter som pyramiden voks.
Grava til kong Kheops måler 230 meter kvar veg. Ho er fleire gonger så stor som ein fotballbane. Pyramiden strekkjer seg 146 m i vêret! Det tok meir enn 20 år og 10 000 arbeidarar for å byggje berre denne pyramiden, i alle fall ifølgje ein amerikansk matematikar som nyleg rekna på dette.
Alle mann i arbeid
Folka i det gamle Egypt dreiv for det meste med landbruk på små jordstykke langs elva Nilen. Nokon dyrka kveite, grønsaker og frukttre på markene sine, medan andre heldt dyr. Dette arbeidet heldt dei på med 8–9 månader i året.
I sommarmånadene steig Nil-floda, noko som førte til store flaumar utover markene til bøndene. Dei kunne derfor ikkje drive jordbruk om sommaren. Dermed hadde mennene fleire månader fri til å byggje pyramidar. Pyramide-bygginga var eit pliktarbeid, men dei syntest sjølv at det var ei ære å få byggje gravkammeret til kongen i landet.
Evig liv
Døden vart sett på som byrjinga på eit nytt liv i ei anna verd. Like etter at folket krona ein ny farao (konge), byrja han å førebu sin eigen død. Egyptarane var sikre på at viss faraoen fekk ein flott pyramide som grav, ville han få evig liv som gud for dei.
Når faraoen døydde, kunne han derfor ikkje gravleggjast på vanleg vis. For at liket skulle få "evig liv", måtte det balsamerast og gjerast til mumie. Prestar tok med liket til ein balsameringsverkstad. Det vart også kalla for “Huset i livet”, og låg i tempelet som tilhøyrde pyramiden. Her skar dei eit snitt i venstre side av kroppen, og fjerna lever og lunger. Desse tørka dei og sette i spesielle behaldarar, som vart kalla for kanopar.
Hjernen vart også fjerna, medan hjartet vart igjen i kroppen for å vere med vidare i neste liv. Deretter la dei kroppen i natronsalt, som hindra han i å rotne. Heilt til slutt fylte dei kroppen med til dømes tørre blad eller sagmugg og pakka inn kroppen i bandasjar av lin.
Gull og kostbare gjenstandar
Sjølve gravlegginga var også ein omfattande seremoni. Mumien vart først lagd i ei trekiste. Trekista vart plassert i ei stor kiste av stein, som vart kalla for sarkofag. Sarkofagen vart til slutt dekt til med eit tungt lokk av granitt. Resten av gravkammeret fylte dei med gjenstandar som kongen brukte medan han levde, og som dei meinte var nødvendige for han å ta med seg i livet etter døden.
Det vart lagt gull, smykke og andre kostbare gjenstandar i gravkammeret, men også tøy, møblar og våpen frå faraoens heim. Etter ein aller siste seremoni med velsigningar, glei tunge, store dører av granitt ned, ein etter ein og sperra tilgangen frå tunnelen inn til gravkammeret.
Knytt til solguden
Det var ikkje tilfeldig at kongegravene vart bygde i pyramideform. Dei fire sidene som spreier seg ut under spissen av pyramiden skulle førestille strålane til sola. Strålane skein over den gravlagde Farao. Strålane knytte han til evig tid til Ra, som var guden til sola.
Alle pyramidane er plasserte ved vestbreidda av Nilen, fordi sola går ned og byrjar reisa si gjennom natta i vest. På veg til sitt evige liv.
Sfinksen
I nærleiken av pyramidane i Giza, står også den berømte sfinksen. Sfinksen er eit bilete av farao Khefre med løvekropp. Farao Khefre levde omkring år 2600 før kristus.
Den kraftige løvekroppen skulle vise at det ikkje var mogleg å sigre over han. Løven vart sett på som eit dyr skapt av solguden. Dette understreka også måten folket såg på kongen som son av solguden Ra.
Styrken til løva var også ei samanlikning med den store makta til kongen. Sfinksen, som viser veg til kong Kheops pyramide, er 57 m lang.
Funn av Kleopatras far?
I 1996 hevda franske undervassarkeologar at dei hadde funne ein 2000 år gammal granittfigur av Kleopatras far, Ptolemeus XII. Dei fann figuren då dei grov fram Kleopatras palass på øya Antirhodos utanfor Alexandria i Egypt.
Kleopatra vart den aller siste i rekkja av dei egyptiske faraoane. Ho var dessutan den einaste kvinnelege faraoen. Øya Antirhodos forsvann ned i havet for 1600 år sidan etter fleire jordskjelv og flodbølgjer. I dag ligg øya på fem meters djup, men tjukke lag sand og stein skjuler øya under havbotnen.
Matematikk og astronomi
Egyptarane planla nøye før dei gjekk i gang med å reise pyramidane.
Matematikarar rekna ut kor mange steinar dei trong, og kor store desse måtte vere. Pyramiden måtte peike mot nord, fordi forholdet til sola og dei andre stjernene var viktig.
Før dei gjekk i gang med å byggje pyramiden, bygde dei derfor ein mur midt på byggjeplassen. Muren var rund som ein sirkel. Om kvelden stod ein prest midt i sirkelen. Han speida etter ei stjerne i aust. Då han oppdaga stjerna, merka han han av på muren, og trekte ei linje frå punktet på muren og inn til sentrum av sirkelen. Stjernen bevega seg i ein boge over himmelen, før han forsvann i vest. Då stjerna var i ferd med å gå ned bak muren, merka han også av dette punktet, og trekte ei ny linje inn mot sentrum. Til slutt trekte han ei tredje linje frå sentrum og ut til midt mellom dei to første linjene.
Egyptarane visste at denne streken peika mot nord, fordi stjernene dreier over himmelen rundt Nordpolen.
Den første pyramiden
Den begava arkitekten Imhotep teikna den aller første pyramiden. Pyramiden vart bygd som gravstad for kong Djoser rundt år 2630 f. Kr. Pyramiden vart bygd på seks avsatsar, som ein "trapp opp til himmelen", og blir derfor kalla for Trappetrinnspyramiden.
Nokre av faraoane som kom etter kong Djoser, bygde også liknande trappetrinnspyramidar. Tanken var at den avdøde kongen skulle klare å klatre opp til solguden Ra.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 6 juni 2025, 18:37 CEST