Her kan du ete middag på havbotnen
Ved Lindesnes heilt sør i Noreg ligg det ein undervassrestaurant som har vorte verdskjend. Forskarar har hjelpt til å lage den uvanlege restauranten.
Restauranten Under ligg fem meter under havet og har eit kjempestort vindauge der du kan sjå på fisk, maneter og anna liv i sjøen medan du et herleg sjømat.
Forsking gjer restauranten kul
Det er ein litt vill idé å byggje ein restaurant under vatn. Den må tole veldig mykje for å liggje på havbotnen.
Derfor fekk dei som bygde restauranten hjelp av forskarar.
– Forsking har gjort restauranten vår kul, seier Gaute Ubostad, ein av eigarane.
– Eg blir glad kvar gong eg opnar døra og går ned trappa.
Sjøpølse og algar
Restauranteigarane brukte altså forsking for å finne ut korleis dei kunne lage eit spektakulært bygg som tolte å liggje på havbotnen. Dei kjende arkitektane i Snøhetta teikna det flotte bygget.
Det er som å sitje inne i eit akvarium når du er på besøk. Restauranteigarane ville vere sikre på at det var fisk og anna liv utanfor glaset medan gjestene sat inne og åt, så det vart ekstra spennande å følgje med.
– Ved hjelp av forsking laga vi leveområde som vi veit fisken trivst i. Vi bruker mellom anna lys for å lokke til oss ulike typar fisk til ulike årstider.
Dei har også brukt forsking for å finne ut kva som kan bli til etande delikatesser. Då kan det komme mange overraskingar!
– Vi testar alt som kan fangast i havet, som ulike typar sjøpølse, og vi har tretti ulike algetypar på kjøkkenet, seier Gaute.
Heile verda vil sjå
Serveringsstaden er så spesiell at dei får masse merksemd både nasjonalt og internasjonalt, og dei har vunne fleire prisar.
Det amerikanske tidsskriftet TIME hadde Under på framsida og kalla det eit av dei 100 beste stadene i verda i 2019. TV-stasjonen CNN har vore på besøk, og følgjarane på Instagram bikkar snart 75 000. Dei har også fått ei Michelin-stjerne.
Mange menneske har lyst til å ete på Under, og dei reiser til Lindesnes frå heile verda.
– Folk kjem frå New York og Shanghai for å ete på Under. Dei vil skryte av at dei har vore her, seier Gaute.
Skal lage forundringspark ved hjelp av forsking
Gaute og familien hans planlegg også noko veldig spennande som opnar i 2022: Anne-Cath. Vestly Forundringspark i Lyngdal i Agder.
Her bruker dei også forsking for at det skal bli best mogleg for barna å komme på besøk. Familieparken og museet som høyrer til skal fyllast av opplevingar både ute og inne og engasjere folk i alle aldrar.
Kanskje får du helse på mormor og dei åtte ungane, eller sjølvaste Knerten?
Meldinger ved utskriftstidspunkt 31 mai 2025, 01:49 CEST