Lesekroken: Undervisningsopplegg til "Skal det vere ein bit kjøtt frå laboratoriet?"

I ein artikkel kan ein ikkje forklare alt, og ein del innhald vil vere underforstått. I denne utgåva av Lesekroken skal elevane prøve å finne ut kva som er underforstått i en tekst om kjøtt frå laboratoriet.

Artikkelen om laboratoriekjøtt er henta frå Nysgjerrigper nr. 2-2020, som kjem ut ca. 11. mai.

Last ned materiellet: 

Om de abonnerer på bladet, finn de artikkelen på side 8 og 9 i Nysgjerigper nr. 2-2020. Bladet kjem ut i veke 20. 

Lærarrettleiing

Finn det som er underforstått i artikkelen

I ein artikkel kan ein ikkje forklare alt, det er det nyaste og viktigaste som er interessant å ta med. Det tyder samstundes at ein del innhald er underforstått. Det vil seie at forfattaren reknar med at lesaren kan noko frå før, eller koplar saman informasjon på den måten forfattaren har tenkt. Sagt med andre ord reknar forfattaren med at forforståinga til lesaren er omtrent lik som hos han eller henne sjølv. Sånn er det ofte ikkje, særleg ikkje når vaksne skriv tekstar for barn. I tekstar for barn skriv forfattaren gjerne kort for å gjere  det enklare, men samstundes forsvinn meir av det grunnleggjande i teksten.

Det kan vere vanskeleg for lesaren å oppdage kva som er underforstått i teksten. Ofte kan ein tekst verke vanskeleg å forstå, utan at ein skjøner kvifor. Dette heng ofte saman med at mykje er underforstått, og difor ikkje forklart. I artikkelen om kjøtt frå laboratoriet er det mange døme på fakta som er underforstått. Sjå til dømes på overskrifta: 

"Skal det vere ein bit kjøtt frå laboratoriet?"

Dei fleste vil truleg skjøne kva orda betyr, sjølv om laboratoriet kan vere vanskeleg. Men det underforståtte her er at denne måten å stille spørsmål på ofte handlar om å servere nokon ein matrett. Det er å oppmode folk til å ete. Om ein ser på bileta, kunne ein også tenkje seg at spørsmålet handla om dei rare klumpane dei ser, faktisk er kjøtt frå laboratoriet. Gjer elevane merksame på dette, før de går i gang med dei andre døma frå teksten.

Finn først fram til setningane som er sitat frå teksten, i den venstre kolonnen. Still innleiingsvis spørsmålet i den høgre kolonnen, for å hjelpe elevane til å sjå kva som er underforstått. Spør så: Kva er underforstått? Det vil vere ulikt kor mange døme elevane treng, før dei kan gå i gang med sjølv å prøve å finne det som er underforstått. 

Sitat frå artikkelen Kva er underforstått?
Sissel Rønning prøver å finne ut kva slags mat som kan få kjøtt til å vekse.

Korleis skal kjøtt vekse, om ikkje på ein kropp?

Underforstått: Kjøttet er ikkje på ein kropp, men skal vekse ein annan stad, på kunstig måte i eit laboratorium.

Du har sikkert lært at kjøtt kjem frå dyr?

Kva slags kjøtt er det snakk om?

Underforstått: Vanlegvis et menneske kjøtt som kjem frå dyr, men no skal du få lese om noko som er annleis.

Det seier seg sjølv at ein ikkje kan bruke slikt blod viss ein skal produsere mykje kjøtt.

Kvifor kan ein ikkje bruke slikt blod?

Underforstått: Blod frå ufødde kalvar er dyrt og vanskeleg å få tak i, det lønner seg ikkje å gjere det for å tene pengar.

Det å produsere kjøtt frå dyr gir store utslepp av klimagassar.

Kvifor blir det klimagassar frå kjøttproduksjon med dyr?

Underforstått: Dyr prompar og rapar mykje metan, som er ein klimagass, som igjen aukar  drivhuseffekten. Det er ikkje bra for miljøet. Difor er det betre å unngå prompinga, om ein kan.

Vi prøver å bruke restar frå matindustrien, mellom anna kyllingbein og hinner frå eggeskal.

Kva nyttar ein i matindustrien?

Underforstått: Dei som produserer mat, kastar kyllingbein, men nyttar kyllingkjøtt, kastar hinner frå eggeskal, men nyttar plomma og kviten. Å bruke noko som eigentleg er søppel, er både miljøvennleg og billig.

Oppgåver til elevane

1. Kor kjem kjøttet vi et, frå?

Snakk saman om kva de trur.

2. Kva er underforstått?

At noko er underforstått, betyr at forfattaren reknar med at lesaren forstår noko som eigentleg ikkje står i teksten. Sjå på utdraga og prøv å finne ut kva som er underforstått.

Del klassa i tre grupper:

a) Det seier seg sjølv at ein ikkje kan bruke slikt blod viss ein skal produsere mykje kjøtt.

Kva er underforstått, kva er det som seier seg sjølv?

b) Det å produsere kjøtt frå dyr gir store utslepp av klimagassar.

Kva er underforstått, korleis heng det å produsere kjøtt frå dyr og klimagassar saman?

c) Vi prøver å bruke restar frå matindustrien, mellom anna kyllingbein og hinner frå eggeskal.

Kva er underforstått?

3. Detektivlesing

a) Korleis ser kjøtt som er produsert i laboratorium, ut?

b) Er det mogleg å ete noko som er laga i ein 3D-skrivar?

c) Kan ein ete utan munn?

Grunngje svaret ditt.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 26. april 2024, kl. 18:03 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.