Lesekroken: Undervisningsopplegg til "Kva er eigentleg hald?"

Jobb utforskande med teksten "Kva er eigentleg hald?", og leit etter måtar teksten prøver å fange lesaren på.

Bilde av artikkelen slik den ble vist i Nysgjerrigper-bladet
Artikkelen om hald er henta frå Nysgjerrigper nr. 1-2020.

Last ned materiellet: 

Lærerrettleiing

Artikkelen "Kva er hald?" skil seg ut ved å bruke fleire ulike måtar å fange merksemda til lesaren på. Det er viktig å inspirere lesaren til å lese, så han eller ho får lyst til å sjå nærare på teksten.

Fang merksemda til lesaren

Det er ulike måtar å få fram dette mellompersonlege på. I artikkelen er det fem grep som lesaren kan leggje merke til:

1. Overskrifta er eit spørsmål

Overskrifter som er forma som spørsmål, gjer at lesaren automatisk byrjar å tenkje på kva svaret kan vere. Om ein har ein idé eller ikkje, veit ein at svaret truleg står i artikkelen. Då har forfattaren allereie fått lesaren til å starte.

2. Bilete av menneske som ser rett på lesaren

Auge som ser rett på lesaren, anten i bilete eller teikningar, gjer at ein blir dregen mot blikket. Det er som om personen vil ha kontakt med deg. Ein ser då gjerne tilbake, tittar rundt biletet, og så er ein i gang med å lese.

3. Personane er omtrent som ein sjølv er

Jentene på bilda er 12 år, dei har kroppsøving og spring rundt. Dei er akkurat som mange andre som les Nysgjerrigperbladet. Endå betre hadde det vore med ein gut og ei jente med ulik alder og utsjånad, men mange kan identifisere seg med elevar som har kroppsøving.

4. Teksten skriv "du", direkte til lesaren

Å skrive "du" i teksten eller nytte snakkebobler gjer at lesaren føler at teksten er retta direkte til han/henne sjølv. Då blir det meir interessant å lese. Teksten er for deg, og kanskje blir du oppfordra til å gjere noko.

Jobb utforskende med teksten

Elevane skal jobbe utforskande og leite etter måtar teksten prøver å fange lesaren på. Du som lærar må oppfordre elevane til å finne ut kva som gjer dei interesserte. Kva legg dei merke til? Samle informasjon, og strukturer han etter dei fem punkta. Dei skal elevane sjølv nytte for å lage ein interessant tekst.

I tillegg til punkta over nyttar artikkelen også sterke fargar, små illustrasjonar ein kan kjenne seg igjen i, og teikna skritt for å få merksemd. Dette er ikkje så generelt, men tekstar som er retta mot unge lesarar nyttar ofte sterkare fargar enn fagartiklar der vaksne er mottakarar.

Oppgaver til elevene

1. Korleis prøver teksten å fange deg som lesar?

Jobb saman.

a. Nærles artikkelen. Kva fangar oppmerksemda dykkar?

b. Leit i overskrifter, bilete, illustrasjonar og teksten de les. Kva for triks har forfattaren nytta for å få dykk til å lese?

2. Lag ein tekst som fangar lesaren

  1. Vel noko som du kan ein del om, og skriv om det.
  2. Lag overskrift som eit spørsmål.
  3. Legg inn bilete eller teikning av nokon som ser rett på lesaren.
  4. Skriv "du" i teksten. For eksempel: "No skal du høyre om ein verdsrekord …"
  5. Skriv om ein som liknar på lesaren, for eksempel ein på same alder, ein med same interesse eller ein som bur same plass. Skriv 3–5 setningar.
  6. Vis teksten til ein annan.
  7. Kva fanga oppmerksemda? Kva verka best i din tekst?

3. Detektivlesing

a. Kva er skilnaden på kjerringråd og forsking?

b. Kva for klassetrinn går Johanne og Anna Maria på? Grunngi svaret.

c. Kva ville du gjort for å finne ut noko nytt om kvifor nokre får hald?

Meldinger ved utskriftstidspunkt 19. april 2024, kl. 20:49 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.