Lesekroken: Undervisningsopplegg til "Den første kjente kjempedinosauren"

La elevane øve seg på å møte ord og samanhenger dei ikkje forstår eller som ikkje blir forklarte i teksten. I den andre oppgåva skal de lage ei rekkje som er like lang som ein kjempedinosaur!

Oppslag fra Nysgjerrigper-bladet med tittel Den første kjent kjempedinosauren
Oppgåvene er laga til artikkelen "Den første kjente kjempedinosauren" frå Nysgjerrigper nr. 4-2018

Last ned materiellet:

Lærarrettleiing

Finn informasjonen som ikkje står i teksten

I saktekstar er det vanleg å rekne med at lesarane frå før kan ein del som dei kan byggje vidare på. I tillegg samanliknar ein gjerne det nye ein skriv om i teksten, med noko anna som er meir kjent for lesaren.

Utfordringa med dette er at mange elevar ikkje har den kunnskapen dei treng før dei les teksten. Dessutan oppdagar dei kanskje ikkje at dei manglar noko det er nyttig å vite. Då verkar det vanskeleg å lese teksten.

Å leggje merke til at ein ikkje forstår, er eit viktig skritt på vegen til å bli ein betre lesar.

Det er to typar informasjon som ikkje står i teksten, som ein likevel treng for å forstå han. 

For det første er det det ein må vite frå før. Her finn vi typisk ord eller samanhengar som er kjente for dei fleste vaksne, men ikkje for barn.

For det andre er det ord eller samanhengar som blir forklarte i teksten. I artikkelen "Den første kjente kjempedinosauren" er det fleire eksempel på informasjon som ikkje står i teksten, men som lesaren treng. Sjå til dømes på den første setninga i brødteksten:

Gøymt i bakken fann forskarane fossilet av ein dinosaur som har vore ti meter lang og nesten ti tonn tung. Det er nesten dobbelt så mykje som dei største elefantane.

  • Kva er ein forskar? Dette må ein vite frå før.
  • Kva er eit fossil? Dette må ein vite frå før.
  • Kor mykje er ti tonn? Dette må ein vite frå før.
  • Kor mykje kan dei største elefantane vege? Dette kan ein skjønne ut ifrå teksten.

Allereie i den første setninga er det minst tre døme på ord som kan vere vanskelege å skjønne for elevane. Desse orda handlar ikkje om hovudpoenget i artikkelen, men dei er med på å gje ein samanheng. Når ein støyter på desse orda, kan ein tenkje som i flytdiagrammet (sjå eige ark i fila med oppgåver, flytdiagram og lærarrettleiing).

I den andre setninga står det ei samanlikning mellom storleiken på dinosauren og elefantar. Kanskje skjønner ikkje elevane kor mykje ein elefant kan vege, men treng dei å forstå det nøyaktig? Nei, vil nokre tenkje. Det er nok å vite at det er skikkeleg mykje. Då kan ein berre lese vidare.

Jobb med flytdiagrammet med dei to første setningane saman med elevane. La dei venne seg til å stoppe litt opp om eit ord eller ein samanheng er vanskeleg, så vil dei få eit større medvit om korleis dei kan bli betre til å lese krevjande fagtekstar.

Oppgåver til elevane

1. Finn informasjonen som ikkje står i teksten.

Les utdraget frå artikkelen. Vurder om svaret står i teksten, eller om du må vite det frå før. Svar på spørsmålet om du kan. Kor kan du finne svaret om det ikkje står i teksten?

a. Gøymt i bakken fann forskarane fossilet av ein dinosaur som har vore ti meter lang og nesten ti tonn tung. Det er nesten dobbelt så mykje som dei største elefantane.

  • Kva er eit fossil? (Finn du svaret i teksten eller ikkje?)
  • Kor mykje er ti tonn? (Finn du svaret i teksten eller ikkje?)
  • Kor mykje kan dei største elefantane vege? (Finn du svaret i teksten eller ikkje?)

b. Den første kjente kjempedinosauren

Kven labba rundt på fire digre bein for 208 millionar år sidan og vart nyleg funnen i Argentina? Svar: Ingentia prima. 

  • Har nokon funne ein person eller eit dyr eller noko heilt anna? (Finn du svaret i teksten eller ikkje?)
  • Kva er Ingentia prima? (Finn du svaret i teksten eller ikkje?)

c. Sjølv om han var stor, var han ikkje farleg. Han var nemleg planteetar.

  • Kvifor er ikkje ein planteetar farleg? (Finn du svaret i teksten eller ikkje?)
  • Kva kallar ein dinosaurane som var farlege? (Finn du svaret i teksten eller ikkje?)

2. Lag ei rekkje som er like lang som kjempedinosaurar.

Gå saman heile klassen for å løyse oppgåva.

a. Finn ut kor lang Ingentina prima var.

b. Hald kvarandre i hendene og lag ei rekkje som er like lang som den dinosauren. Kor mange elevar må til?

c. Finn ut kor lang Patagotitan var. Kor mange elevar trur de må til?

d. Lag ei ny rekkje for å sjå kor lang denne dinosauren var.

e. Dersom det er mogleg, kan de teikne dei to dinosaurane med krit i riktig storleik i skulegarden eller ein annan plass.

3. Detektivlesing

a. Er biletet av dinosauren i artikkelen eit fotografi eller ei teikning? Korleis veit du det?

b. Beskriv minst to forskjellige måtar forskarane nyttar for å få fram dinosaurfossila.

c. Omtrent når var tidsperiodane jura og krit?