Lesekroken: Sjå samanhengar mellom artikkelen og dine eigne erfaringar

Kritisk tenking er sentralt i læreplanen og viktig for å kunne ta gode val både mens ein går på skolen og i resten av dagleglivet. Ein viktig del av kva kritisk tenking er, handlar om å sjå samanhengar mellom noko ein til dømes les i ein artikkel, og det ein veit frå før.

Elevane skal tenke kritisk til det dei les i ein artikkel om at ein bør lukke dolokket før ein trekkjer ned.

Last ned materiellet til utskrift:

Ein kritisk lesar godtek ikkje alt han eller ho les, men samanliknar det med andre ting han eller ho har lært om verda. Det kan vere anten gjennom eiga erfaring, samtalar med andre, gjennom lesing eller kanskje filmar på  internett eller sosiale medium.

Artikkelen "Bør du lukke dolokket før du trekkjer ned på do?" formidlar at om ein lukkar dolokket, vil det hindre mange potensielt farlege bakteriar i å spreie seg ut i rommet. Det kan føre til at færre folk blir smitta av til dømes omgangssjuke. For å tenkje kritisk om denne informasjonen kan ein sjå etter samanhengar med kva elevane elles veit.

La gjerne elevane snakke saman, kva veit dei eigentleg om dette temaet? Kva meiner dei er vanleg å gjere? Her er nokre spørsmål ein kan nytte:

  • Er det forskjell på kva ein gjer heime og når ein er på andre stader?
  • Korleis er det på skulen? Har de dolokk i det heile?
  • Kva med busstasjonar, flyplassar, handlesenter, sportshallar eller kafear?
  • Legg toalettdesignarar til rette for at ein lett kan lukke lokket?
  • Er det verkeleg så avgjerande å lukke lokket?

Tenk kritisk – korleis blir toalett bygde og nytta? Det er ikkje enkle svar her, og nett difor er det viktig å tenkje kritisk. Er det andre grunnar til at ein ikkje bør lukke lokket, til dømes at mange då må ta på same stad der ein ikkje har reine fingrar? 

Oppgåver til elevane