Lesekroken: Undervisningsopplegg til "Minne som sit"

Elevane skal bruke artikkelen "Minne som sit" for å teste ut om ein hugsar betre av å vere aktiv eller lære på fleire måtar enn berre ved å lese.

Bilde av artikkelen slik den ble vist i Nysgjerrigper-bladet
Artikkelen om minne er henta frå Nysgjerrigper nr. 2-2019.

Last ned materiellet:

Lærarrettleiing

Bruk forskinga i artikkelen til å lære å hugse betre

Artikelen "Minne som sit" handlar om forsking på kva som gjer at ein hugsar noko betre enn andre ting. Mellom anna ser det ut til at det å røre på seg kan vere bra for å hugse meir. Dette kan vere nyttig å ta med seg i skulen, der elevar stadig må lære seg nye ting og helst hugse det etterpå.

Elevane skal få gjere forsøk med seg sjølve, for å sjå om råda i artikkelen stemmer for dei. Det er to råd frå lista med enkle hugseråd som kan vere spennande for elevane å teste ut:

  • Ver fysisk aktiv.
  • Prøv å hugse ny informasjon på så mange måtar som mogleg.

De skal teste ut problemstillinga: Hugsar ein betre av å vere aktiv eller lære på fleire måtar enn berre ved å lese?

  • Kva for ei gruppe klarer best å hugse ei liste med ord? Kontrollgruppa som berre les, fysisk gruppe som spring rundar, eller variasjonsgruppa som gjer mykje forskjellig?

Del klassen inn i tre og del ut lister med orda nedanfor.
a. Kontrollgruppe – Sit roleg ved pulten: Lær flest moglege ord, berre ved å sjå på papiret.

b. Fysisk gruppe – Gå ut og ver aktiv: Les gjennom orda, spring ein runde, les gjennom orda, spring ein runde og så bortetter.

c. Variasjonsgruppa – Lær orda på mange måtar: Teikn orda, dramatiser dei, snakk om dei med ein annan person, lag ei forteljing med orda og anna
som du finn på.

Etter avtalt tid, til dømes 10 minutt, skal heile klassen samle seg igjen. Alle må legge bort lista med ord, og så skal dei skrive ned så mykje dei hugsar. Alle skal skrive kvar si liste, men resultata blir samla i gruppa. Kva for ei gruppe trur de hugsar flest ord?

Snakk saman om resultatet i klassen. Kva for ei gruppe hugsa flest ord? Stemte det de fann ut, med det som står i artikkelen? Kva vil de gjere neste gong de til dømes skal øve på ord, lære engelske ord eller arbeide med noko anna de skal hugse?

hoppe bil jogge bok lese sommarfugl hund
svømme traktor fisk planet ete skog fotballbane
karusell danse edderkopp kino trampoline sove elefant

Oppgåver til elevane

1. Det aller tidlegaste minnet ditt

Jobb saman to og to.

a. Kva er det aller eldste minnet de kan hugse, frå då de var små barn eller kanskje til og med babyar? Fortel til kvarandre.

b. Kvifor trur de at de hugsar akkurat dette?

2. Test forskinga sjølv

De skal teste om råda for å hugse stemmer i dykkar klasse. Hugsar ein best av å vere aktiv, eller av å lære på fleire måtar?

Del klassa i tre grupper:
a. Kontrollgruppe – Sit roleg ved pulten: Lær flest moglege ord, berre ved å sjå på papiret.

b. Fysisk gruppe – Gå ut og ver aktiv: Les gjennom orda, spring ein runde, les gjennom orda, spring ein runde og så bortetter.

c. Variasjonsgruppe – Lær orda på mange måtar: Teikn orda, dramatiser dei, snakk om dei med ein annan person, lag ei forteljing med orda og anna
som du finn på.

Når alle er plasserte i ei gruppe, får de eit ark med ord på av læraren. De har ti minutt på å lære flest mogleg av orda, og de får berre lov til å jobbe slik som det står i beskrivinga av gruppa.

  • Kva for ei gruppe kjem til å hugse mest, trur de? Test, så får de sjå i dykkar klasse.

3. Detektivlesing

a. Kvar på kroppen din er hippocampus?

b. Lag to hippocampus av papir i rett storleik til deg sjølv og prøv å teipe dei fast på utsida der dei er.

c. Sit du igjen med eksplisitte minne når du har lese artikkelen, eller implisitte, trur du?