Lesekroken: Forsking er ofte kvalifisert gjetting

Forsking er i stor grad at folk som veit mykje om noko, gjettar seg fram til moglege svar. Her skal elevane øve seg på å finne kvalifiserte gjettingar i ein artikkel ved å sjå på språket.

Et vikingskip i et stort hull som er gravd ut i bakken
Elevane skal jobbe med ein artikkel om Gjellestadskipet.

Last ned materiellet til utskrift:

Lærarrettleiing

I artikkelen om Gjellestadskipet, som er funne utanfor Halden, fortel arkeologen Margrethe Havgar om kva ho og dei andre forskarane har funne ut om skipet. Nokre ting er heilt sikre, som at det er eit skip dei har funne. Men mykje veit dei ikkje, fordi det er lenge sidan skipet var brukt, og fordi det ikkje er nokon frå vikingtida som kan fortelje dei kva dei gjorde med skipet. Men sidan Margrethe er ekspert på området, kan ho gjette seg fram til mykje som kan vere sant. Forsking er i stor grad at folk som veit mykje om noko, gjettar seg fram til moglege svar. Difor kallar ein det kvalifisert gjetting.

I artikkelen står det ein del gjettingar. Her skal elevane øve seg på å finne desse ved å sjå på språket. Jobb gjerne saman om det andre avsnittet i teksten. Spør kva som er fakta, og kva som er gjetting, på ei setning om gongen.

Margrethe K.H. Havgar er utdanna arkeolog. Ho fortel at Gjellestadskipet sannsynlegvis stammar frå ein gong på 700-talet. Det vil seie anten tidleg vikingtid eller den aller siste delen av perioden før vikingtida, som blir kalla merovingartida.

Fyrste setning: Det er fakta at Margrethe er utdanna arkeolog.

Andre setning: På grunn av ordet «sannsynlegvis» kjem det fram at denne setninga er gjetting. Dei veit ikkje heilt sikkert at skipet er frå 700-talet, men det er sannsynleg.

Tredje setning: Denne setninga forklarer kva tida på 700-talet blir kalla, og er difor fakta.

La elevane jobbe med dei åtte avsnitta som står under underoverskrifta «’Bil’ på 700-talet». Sjå på ei og ei setning. Er det fakta eller gjetting? Korleis ser dei det?

  • Margrethe fortel at skip i vikingtida fungerte litt som bilane vi bruker i dag.

    – Å reise på vatnet var den aller raskaste måten å reise på. Som på motorvegar i dag, seier ho. Akkurat som vi bruker bilen for å reise på besøk, feriar, skule og jobb, brukte vikingane skip av ulike grunnar.

    – Gjellestadskipet kan ha vore mange ulike typar skip. Det kan ha vore eit krigsskip, eller ein turbåt, seier Margrethe. Kanskje har det hatt ei mast. Det var nødvendig viss ein skulle segle langt av garde.

    – Det kan òg ha vore ein robåt, seier Margrethe. Då måtte ein ha eit mykje større mannskap som kunne ta årene fatt.

    – Det kan bety at den eller dei som eigde skipet, har vore ekstra rike eller mektige, seier Margrethe.

  • 1. Kva trur du vikingane brukte vikingskipa til?

    a. Skriv minst to ulike ting vikingane kan ha brukt vikingskipa til.

    b. Samanlikn forslaga med forslag frå nokon andre. Kor mange forslag finn de til saman?

    2. Kva er fakta, og kva er gjetting?

    a. Les avsnitta som står under "’Bil’ på 700-talet".

    b. Sjå på kvar setning. Er det fakta eller gjetting? Korleis ser du om det er gjetting?

    3. Detektivlesing

    a. Kva er skilnaden mellom det store bildet på side 11 og det vesle øvst til venstre på denne sida?

    b. Kvifor kan ikkje forskarane vite om skipet hadde mast eller årer?

    c. Kvifor brukte vikingane skip i staden for å reise til lands med bil eller hest og kjerre?

Meldinger ved utskriftstidspunkt 26. april 2024, kl. 22:39 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.