Lesekroken: Finn ordet når du har forklaringa

Jobb med ein tekst om flyktningleirar og la elevane oppdage korleis dei kan finne ordforklaringer i teksten.

Artikkel med tittel Flyktningleirar er ei dårleg løysing
Opplegget er laga til ein artikkel i Nysgjerrigper nr. 3-2021.

Last ned materiellet til utskrift:

Lærarrettleiing

I artikkelen om flyktningleirar er det mange fagomgrep eller andre ord som ikkje er vanlege i daglegtale. For å forstå poenget i artikkelen er det naudsynt å skjønne desse orda. Heldigvis er artikkelen skriven slik at han gir mykje hjelp til å forstå orda. Nokre gongar er forklaringa i setninga før eller etterpå, som på flukt:

Krigar og konfliktar gjer at folk må flytte på seg. Mange på flukt endar opp i flyktningleirar.

Ein kan forklare med eigne ord:

Å vere på flukt er å måtte flytte fordi det er krig der ein eigentleg bur.

Jobb med elevane så dei sjølv kan oppdage korleis ordet, eller her uttrykket på flukt, er forklart i artikkelen, men også korleis ein kan forklare med eigne ord. Sjå om de saman kan finne ei forklaring som gjer at alle i klassen synest forklaringa er tydeleg.

I oppgåva til elevane skal dei sjølv finne kor ordet er forklart, og lage ei eiga forklaring. Orda er ikkje skrivne i same rekkjefølgje som i artikkelen. Det er for å gjere elevane meir aktive i leitearbeidet. 

I mange av tilfella står ordet forklarte i same setning som fagordet, som flyktningleir i eksempelet under:

I flyktningleirar bur det folk som har måtta rømme heimanfrå på grunn av krig og konflikt.

Menneskerettar er forklart i eit nytt avsnitt etter at ordet er skrive fyrste gong. Det er litt vanskelegare å få auge på forklaringa. Kva rettar tyder, kjem ikkje fram. Forfattaren reknar då med at elevane kan det ordet frå før.

Maja ville undersøke om menneskerettane blir følgde i flyktningleirane.

Menneskerettane består av 30 rettar. Dei skal gjelde for alle menneske.

Feltarbeid er også forklart i setninga etterpå, men er ikkje så tydeleg skrive.

For å finne ut av det drog Maja på feltarbeid. Ho drog til ulike flyktningleirar for å sjå og høyre korleis leirane fungerte.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 16. april 2024, 19:43 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.