Bingo i forkunnskapar

Undervisningsopplegg til artikkelen "Dr. Squiggles speler musikk med deg" med oppgåver som trenar elevane i å aktivere forkunnskapar. Denne utgåva er på nynorsk.

I pdf-fila med oppgåver får du eit ark med bingo i forkunnskapar.

Last ned materiellet til utskrift:

Å aktivere forkunnskapar er det mest effektive ein kan gjere for å fremje god leseforståing. Gjennom forkunnskapane får elevane knaggar til å henge den nye informasjonen på. Dei får også moglegheit til å utvide det dei veit noko om frå før. Utfordringa er å få fram relevant forforståing, og å gjere dette
på ein motiverande måte.

Denne gongen skal elevane fylle ut eit bingo-brett med ord dei trur kan vere i artikkelen. Alle elevane vel sjølv kva for ord dei har lyst til å skrive opp, men det er nokre reglar som gjeld:

  • Eit ord kan berre stå éin gong, og alle former av ordet tel (t.d.  musikk/musikken, eller nynorsk/bokmål).
  • Orda skal vere innhaldsord. Det er substantiv og verb som seier noko om kva setningane handlar om.

Eksempel på innhaldsord er musikk og spele. Desse er i motsetnad til funksjonsord, som ofte er frå andre ordklasser.

Eksempel på funksjonsord er ein, det og verb som bli. Funksjonsord er vanlege og står ganske sikkert i ein tekst, men dei hjelper ikkje elevane med å få fram forkunnskapane. Difor skal dei skrive opp innhaldsord.

Bruk bingo-arket som høyrer med til artikkelen. Jobb saman med å sjå på overskrifta og illustrasjonane som er på arket. Kva for ord trur de finst i artikkelen? I overskrifta står til dømes innhaldsorda speler og musikk. Dei er truleg aktuelle. Skriv dei gjerne opp. På illustrasjonane er det notar, ulike instrument og robotar. Dette kan også vere aktuelle ord. La elevane sjølv utforske illustrasjonane for å komme med forslag. Skriv opp eitt eller to ord saman, og la elevane fylle ut resten. Dei vel sjølv kvar i bingo-brettet dei vil skrive orda, men dei må ha ni ulike ord til slutt. Elevane kan gjerne jobbe saman for å diskutere kva for ord dei trur finst i artikkelen. Når alle har fylt ut sitt skjema, kan bingoen i forkunnskapar begynne.

Læraren les opp teksten i artikkelen høgt, med ei setning om gongen. Elevane skal lytte aktivt. Om eit av orda dei har skrive opp, kjem, til dømes musikk (eller musikken), set dei eit kryss i den ruta. For kvart ord elevane har, blir det eit nytt kryss. Om nokon får tre ord på rad, kan dei rope «bingo». Fortset til mange har fått bingo fleire gongar. Sjå til slutt på dei bretta som har fått mange kryss. Kva for strategi hadde elevane her? 

Oppgåver til elevane

1. Bingo i forkunnskapar

Bruk arket «Dr. Squiggles speler musikk med deg»

a. Sjå på overskrifta og illustrasjonane.

Kva for ord trur du står i denne artikkelen?

b. Skriv opp ni ulike ord, eitt ord i kvar rute på bingobrettet.

c. Spel bingo. Set eit kryss over ord du har på brettet, når læraren les dei
høgt.

d. Rop «Bingo» om du har tre på rad.

2. Kva skulle din dr. Squiggles spele?

Jobb saman to og to.

a. Tenk dykk at de kunne programmere ein eigen dr. Squiggles. Kva ville de at roboten skulle spele?

b. Fortel ei anna gruppe om dykkar dr. Squiggles, og høyr kva deira robot
skulle spele.

3. Detektivlesing

a. Kor mange ulike robotar kan du finne på bilda i artikkelen? Korleis ser du
forskjell på dei?

b. Kva trur du dei ulike robotane spelar? Kvifor det?

c. Kvifor har forskarane laga robotar som kan spele?

Meldinger ved utskriftstidspunkt 1. desember 2022, 12.16 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.