Lufttrykk

Kva skjer når varme luftmolekylar blir avkjølt inni ei tom plastflaske?

En jente holder opp to tomme vannflasker
Foto: Shutterstock

Du treng:

  • Ei tom plastflaske med kork
  • Varmt og kaldt vatn

Slik gjer du: 

  1. Fyll flaska med varmt vatn.
  2. Hell ut vatnet.
  3. Skru igjen korken.
  4. Hald flaska under kaldt vatn.

Kva skjer?

Når du tek varmt vatn i flaska, varmar du opp luftmolekyla inni flaska. Varme molkeyl sprett fort rundt, og nokre av dei hoppar også ut av flaska. Når du held flaska under kaldt vatn, vil molekyla/lufta bli avkjølt. Molekyla sprett ikkje lenger rundt.

I tillegg er det no færre molekyl inni flaska enn utanfor flaska. Lufta utanfor pressar på og får ingen motstand. Det er ikkje nok molekyl i flaska til å halde imot presset utanfrå. Flaska blir då pressa saman.  

Meldinger ved utskriftstidspunkt 18. april 2024, kl. 20:55 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.