Luftputeballongar

Dette eksperimentet passar godt når de er fleire samla. Kanskje ein ide til neste klassefest, bursdagsfeiring eller familieselskap?

Jente sitter blandt masse fargerike ballonger
Foto: Shutterstock

Du treng:

  • Ei stor plate av tre eller isopor, eller eit vanleg bord snudd på hovudet
  • Ballongar og forsøkspersonar som ikkje er redde for litt smell

Slik gjer du:

  1. Blås opp ti ballongar i same størrelse. Dei bør ikkje vere så oppblåste at dei lett sprekk.
  2. Fordel ballongane så jamt som mogleg under plata eller bordet.
  3. La den første forsøkspersonen krabbe forsiktig oppå, så ein til. Kor mange personar klarer ballongane å bere?
  4. Kor mange ballongar klarer du å fjerne utan at det heile krasjar i eit stort ballongsmell?

Kva skjer?

Lufttrykket inni ballongane held dykk oppe, så same måte som bilar og syklar blir løfta frå bakken av lufttrykket i dekka.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 25. april 2024, kl. 12:15 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.