Lag kompost i ei flaske

Nedbrytarar lever av døde organismer, og i dette forsøket kan du studere dei i aksjon.

En jente holder en tom vannflaske i hånden
Alt du treng er ei tom flaske og litt teip! Foto: Shutterstock

Alt og alle som lever i naturen, er avhengige av kvarandre. Å forske på korleis alt heng saman, blir kalla økologi.

Økologar kallar plantar og algar for produsentar fordi dei utfører fotosyntesen. Oss menneske og mange andre dyr kallar økologane for konsumentar, fordi vi bruker energien plantane og algane har fanga.

Men det finst også ei tredje gruppe. Dei blir kalla nedbrytarar fordi dei lever av døde organismar. Energien i det som er dødt, blir altså òg brukt.

Slik kan du studere nedbrytarar viss du lagar kompost i ei flaske: 

Du treng:

  • ei 1,5-liters brusflaske
  • planteavfall
  • kniv
  • skjerefjøl
  • teip 
Illustrasjon av hva du trenger og hvordan du skal gjennomføre eksperimentet
Illustrasjon: Melkeveien designkontor

Slik gjer du:

  1. Viss det er ein etikett på flaska, legg flaska i vatn slik at etiketten losnar.
  2. Få hjelp frå ein vaksen til å skjere flaska i to cirka 1 cm nedanfor der flaska skrår innover.
  3. Fyll botnen med hushaldningsavfall (frukt- og grønnsaker, skrell, osv.). Det kan også vere planterestar du finn utandørs.
  4. Set på toppen av flaska ved hjelp av teip slik at flaska blir tett. Skru på korken. Teip på toppen av flaska igjen, slik at den blir tett. Følg med på kva som skjer dei neste månadene. Noter ned det du observerer, og ta gjerne bilde undervegs. 

Forsk meir

Kva skjer viss den nedste delen av flaska inneheld jord og mark? Går nedbrytinga raskare viss du stikk små hol i sidene av flaska slik at det kjem luft til? Blir ein type organisk avfall broten ned raskare enn andre typar? 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 26. april 2024, kl. 02:16 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.