Bakepulverbåt
Ei tom flaske får fart på seg når du bruker bakepulver og eddik som drivkraft.
Illustrasjon: Melkeveien Designkontor
Du treng:
- ei tom 1 ½ liters brusflaske med kork
- ei nål eller ein teiknestift
- to strikkar
- ei teskei
- 10 ts bakepulver
- 1 dl eddik
- 3 dl vatn
- ein kopp
- eit papirark
- eit badekar eller stort kar med vatn
Slik gjer du:
- Set to strikkar rundt flaska slik som vist på teikninga: ein strikk langt ned mot botnen, den andre omtrent på midten av flaska.
- Fest ei teskei under dei to strikkane.
- Legg flaska i vatnet og merk deg kva for ein del av flaska som ligg under vatn.
- Løft opp flaska. Bruk ei stoppenål og lag eit lite hol i den delen av flaskebotn som låg under vatn.
- Lag eit kremmarhus av papir. Dette skal du seinare bruke som trakt for å få bakepulveret inn i flaska.
- Mål opp 10 teskeier bakepulver i ein kopp.
- Løft opp flaska og hald ein finger framfor det vesle holet du har laga i flaskebotnen.
- Ha 3 dl vatn og 1 dl eddik oppi flaska.
- Skru av korken og set kremmarhuset i flasketuten.
- Hell i full fart bakepulveret i flaska.
- Ta vekk trakta, skru på korken og rist godt.
- Legg flaska tilbake i vatnet og ta fingeren bort frå holet.
Kva skjer?
Inni flaska vil bakepulver og eddik danne ein kjemisk reaksjon. Desse to stoffa dannar CO²-gass. Det er den same gassen som du pustar ut. Fordi holet du har laga i flaska, er så lite, vil gassen presse seg ut. Dette skaper ein fin jetstrøm. Trykket er så sterkt at det pressar "båten" framover.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 29. mai 2023, 18:38 CEST
Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.