Fin musikk gir ståpels

Har du opplevd å få ståpels når du høyrer på fin musikk?

En smilende jente med lukkede øyne og hodetelefoner på ligger i gresset og hører på musikk.
Forskarar har no funne ut at dei som oftast opplever ståpels, som regel er folk som har ein uvanleg livleg fantasi og set stor pris på skjønnheit og natur. Foto: Adobestock.com/Shutterstock

Det kiler i skallen og nedover ryggrada, og gåsehuda nuppar seg på armane. Nokre gonger er det så herleg at vi grøssar i tillegg. Det er fleire ting som kan gi oss denne kjensla, og det heng ofte saman med at vi opplever noko vakkert – som vakker natur, kunst eller musikk. Og det er gjerne når vi blir litt overraska av det vi opplever, at ståpelsen kjem.

Mysterium

Gåsehud, eller ståpels, er ein reaksjon som heng igjen frå den tida då forfedrane våre hadde skikkeleg pels. Når det er kaldt, reiser håra seg for å halde på eit lag med varm luft inntil huda. Forskarane jobbar med å løyse mysteriet rundt kvifor vi får den same reaksjonen når vi opplever noko vakkert.

Livleg fantasi

Det viser seg at ikkje alle får denne reaksjonen. Forskarar har no funne ut at dei som oftast opplever ståpels som regel er folk som har ein uvanleg livleg fantasi og set stor pris på skjønnheit og natur. Dei elskar nye opplevingar og tenkjer ofte mykje over kjenslene sine. Er du ein slik person, kan du glede deg over mange sterke skjønnheitsopplevingar i livet!

Meldinger ved utskriftstidspunkt 20. april 2024, kl. 02:18 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.