Mattegrublerier 1-18

Last ned Mattegrublerier 1-18

1

Sofie har lese ei lita bok. Ho skriv opp alle sidetala i ei lang rekkje: 1, 2, 3, 4 … 
Då ho er ferdig, har ho skrive 35 siffer. 

 

Kor mange sider er det i boka hennar?
a) 10     b) 22     c) 25     d) 28     e) 45

2

Vi har seks kort, og på kvart av korta er det skrive eit tal. 

Kva er det største talet vi kan lage ved å leggje alle korta etter kvarandre? 
a) 9 876 543 210      b) 4 130 975 682     c) 3 097 568 241
d) 7 685 413 092      e) 7 568 413 092

3

På ein gard er det ti høner. Fem høner legg egg kvar dag, mens dei andre legg egg annankvar dag. 

Kor mange egg legg hønene til saman i løpet av ti dagar?

a) 75     b) 60     c) 50     d) 25     e) 10

4

Ein 15 dm lang trestokk skal kuttast opp. Det er om å gjere å få flest mogleg bitar, men alle bitane skal ha forskjellige lengder. Lengdene på bitane skal vere heile desimeter. 

Kor mange gonger må du kutte trestokken? 
a) 4     b) 5     c) 6     d) 7     e) 15

5

Biletet viser eit prikkete papir. Avstanden mellom prikkane, både vassrett og loddrett, er lik. Prikkane skal vere hjørne i kvadrat.

Kor mange kvadrat med forskjellig størrelse er det mogleg å lage? 
a) 2     b) 3     c) 4     d) 5     e) 6

6

I Bakkegata er det ni hus ved sida av kvarandre. Det bur minst éin person i kvart hus. I to hus som ligg inntil kvarandre, bur det ikkje meir enn seks personar til saman.

Kor mange personar kan det maksimalt bu i Bakkegata?
a) 23     b) 25     c) 27     d) 29     e) 31

Meldinger ved utskriftstidspunkt 25 mai 2025, 03:54 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.